Staten brukte meir nynorsk i fjor

Ifølgje Språkrådet er det likevel framleis altfor dårleg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I fjor brukte ti av 168 underliggjande statsorgan bokmål og nynorsk i tråd med krava i språklova, mot berre eitt statsorgan året før. Det viser nye tilsynstal frå Språkrådet. Samtidig er etterlevinga totalt sett altfor dårleg, ifølgje Språkrådet.

I 2022 var det berre Medietilsynet som oppfylte krava, og som trona åleine på toppen av pallen. I 2023 fekk tilsynet selskap av Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Vegtilsynet, Bioteknologirådet, Riksantikvaren, Statsbygg, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Riksadvokaten og Norec.

I tillegg til dei underliggjande statsorgana er det fire departement som oppfylte krava i fjor: Energidepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Når ein legg saman tala for alle departementa og Statsministerens kontor, er vekslingskravet for ny tekst i stortingsproposisjonar og meldingar oppfylte for første gong sidan målingane starta i 1994. I 2023 vart 25 prosent av all ny tekst på regjeringa.no publisert på nynorsk.

– Resultata vitnar om mykje godt språkarbeid hos verksemdene som oppfyller kravet i lova. Vi ser i tillegg ei positiv utvikling hos ein del andre verksemder som i 2023 ikkje heilt når vekslingskrava i lova. Det er sjølvsagt gledeleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås i ei pressemelding.

Det kan vere fleire årsaker til at verksemdene no bruker meir nynorsk: større respekt for regelverket etter at språklova tredde i kraft, bruk av automatisk omsetjing, betrerettleiing, ein tettare tilsynsdialog og auka datakvalitet er moglege forklaringar.