UiB-rektor fryktar for framtida til språkfaga

Ho fryktar mindre interesse for framandspråk etter nye tilleggspoeng-forslag.

NPK-NTB
Publisert

Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen fryktar at språkfaga i høgare utdanning vil lide viss tilleggspoeng for framandspråk forsvinn i vgs.

– Forsvinn tilleggspoenga for framandspråk i vidaregåande, fryktar eg det også blir mindre interesse for desse faga i høgare utdanning, seier Hagen til Klassekampen.

Førre veke foreslo regjeringa å fjerne ekstrapoenga som elevar kan få av å velje framandspråk i vidaregåande skule, men dei vil behalde realfagspoenga. Hagen trur at færre vil velje framandspråk på vgs viss forslaget blir innført.

– Det vil gjere det vanskelegare å rekruttere studentar til språkfaga ved universitet og høgskular, noko som igjen fører til færre språklærarar i norsk skule, seier ho.