Good For Me, Shein og Meta er dei nominerte til Gullbarbie 2023. Kollasj av Framtida.no. | Foto: Andrea Rygg Nøttveit, Shein, Brett Jordan via Unsplash
Dette er kandidatane til Gullbarbie i år
Reklame i sosiale medium, kosttilskot og kjøpepress ligg bak dei kandidatane Press meiner er dei som er best til å få ungdom til å føle seg verst.
Åshild Slåen
Publisert
Kvart år deler Press – Redd Barna ungdom ut ein Gullbarbie. Prisen går til ein reklame- og medieaktør som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». I år er det Meta, Good For Me og Shein som er vinnarkandidatar. Måten selskapa brukar sosiale medium er sentralt for alle kandidatane.
– Samstundes som bodskapane barn og unge møter i kvardagen har blitt meir personlege og treffande enn nokon gong, rapporterer stadig fleire om psykiske helseplager, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
2014: Russekledeprodusenten Russedress
2013: Victoria’s Secret
2012: Klesmerket Jack & Jones
2011: Klesmerket Diesel
Meta
Selskapet som eig Facebook og Instagram veit mykje om kvar enkelt brukar.
Det er nyttig når dei skal velje ut reklame som blir vist. Press meiner selskapet veit at barn og unge ofte blir vist reklame som er skadeleg for dei, og vel å ikkje gjere noko med det.
– Å bruke denne kunnskapen til å målrette innhald som spelar på brukarane sine usikkerheiter, er å gamble med den psykiske helsa til barn og unge, skriv Maja Enerhaug Egge, leiar i Press.
– Når barn og unge sine førebilete blir brukt for å selje produkt som held ved like samfunnet sine skjønnheitsideal, kjem det ikkje som noka overrasking at mange slit med dårleg sjølvbilete eller sit att med ei uggen kjensle etter å ha skrolla på sosiale medium, seier Egge i pressemeldinga.
Press meiner reklamane deira legg press på unge for korleis dei burde sjå ut, og at selskapet framstiller det som om dei har ei rask løysing på problemet.
Framtida.no har kontakta Good for me. Dei ønskjer ikkje å kommentere saka.
Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Shein
Ultra-fast fashion-selskapet Shein er nominert for måten dei brukar influensarar og sosiale medium til å skape kjøpe- og klespress blant unge.
På TikTok finst det tallause videoar der påverkarar har handla store mengder klede på nett frå den kinesiske motegiganten og viser fram sine shopping hauls.
– Shein stappar barn og unges feed full av plagg og skaper med det ei forventning om at ein må kjøpe meir for å unngå klespresset, seier Press-leiaren.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.