Motegiganten Shein blir granska etter påstandar om tvangsarbeid

Jonas Yang Tislevoll
Publisert
Oppdatert 11.05.2023 10:05

Motegiganten Shein er under gransking

Det var i førre veke ei gruppe amerikanske lovgjevarar bad om at den kinesiske kleskjeda Shein skulle bli etterforska, skriv nyheitsnettstaden Quartz.

– Det er truverdige påstandar om selskapets bruk av underbetalt og tvangsarbeid i den sjølvstyrande regionen Xinjiang Uyghur, heiter det i brevet.

Nektar for tvangsarbeid

I brevet ber både republikanske og demokratiske politikarar Sikkerheit- og utvekslingskommisjonen om uavhengig å bekrefte at Shein ikkje bruker tvangsarbeid før dei skal få lov til å lansere ei børsnotering i USA.

Gjennom eit brev til BBC kom kleskjeda Shein med følgande svar:

– Vi har ingen toleranse for tvangsarbeid.

Blir granksing

Måndag kveld vart det annonsert at USA skal starta ei gransking av det kinesiske selskapet Shein, som har sitt hovudkvarter i Singapore.

I ein rapport publisert av US-China Economic and Security Review Commission (USCC) blir Shein skulda for å ha henta bomull frå Xinjiang, som er eit brot på Uyghur Forced Labor Prevention Act.

Rapporten siterer også ei rekke søksmål mot selskapet. Dette handlar om kopiering av andre kleskjeder med lågprismateriale og forsøk på å unngå amerikansk toll og tollinspeksjonar.


To personar held hender. Den eine har regnbogesokkar.