Dette googla nordmenn mest i 2023

Hamas, ultraprosessert mat og korleis ein kan bli rik, er tema som interesserte det norske folket i 2023.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Kvart år offentleggjer Google kva nordmenn har søkt mest på gjennom året.

Kva folk søkjer på heng tydeleg saman med verdshendingar og nyheitsbiletet frå det siste året. Krig, økonomi, helse, politikk og kjendisar poppar stadig opp på desse listene.

– Søkjetrendane i år er eit spegelbilete av kva som har oppteke nordmenn det siste året. I år viser lista at nordmenn er svært opptekne av kva som skjer i verda, og at vi er nysgjerrige og søkjer forståing av korleis ting fungerer, seier Google Norge sin kommunikasjonssjef, Sondre Ronander, i ei pressemelding.

Krig og politikk toppar søka

Det siste året har mange nytta seg av Google for å finna informasjon om krigen i Ukraina. Dei siste månadane har folk også søkt informasjon om Gaza og Israel.

«Kva er Hamas?» ligg øvst på søkjelista under kategorien «Kva er…?». På fjerdeplass i same kategori finn ein «Kva er Wagner-gruppa?».

I tillegg er søket «Kvifor er det krig i Israel?» nummer fem på kvifor-lista.

– Krigen i Ukraina har heller ikkje i år nådd endepunktet sitt, og vi har sett ein forferdeleg konflikt gå føre seg på Gaza, noko som gjer det forståeleg at folk søkjer etter meir informasjon. Det ville vore meir urovekkjande viss behovet for informasjon ikkje var der. Folk kjem til Google for å finne fram i verda, og det er årets liste endå eit døme på, seier Ronander.

Omgrepet woke har òg vore eit undringspunkt blant nordmenn det siste året. Søketermen «Kva er woke?» hamnar som nummer to på «Kva er …»-lista.

I anledning kommune- og fylkestingsvalet var det mange som var usikre på korleis ein skal gå fram for å stemma. Så mange at omgrepet «Korleis stemme?» klatra heilt til topps i korleis-kategorien.

Mange vil bli rike

2023 har vore eit hardt år for mange når det kjem til personleg økonomi. Prisauke, renteauke og svak krone gjer at mange har fått mindre å rutta med enn tidlegare. Det har leia mange til å leita etter svar på korleis ein kan bli rik på kort tid.

Søket «korleis bli rik på eitt år» er det femte mest søkte spørsmålet i kategorien «Korleis …?».

Samstundes er «Kvifor er krona så svak?» også blant dei mest googla spørsmåla i 2023.

Helse og kosthald

Nordmenn er svært opptekne av å halda kroppen sunn gjennom godt kosthald og trening, i alle fall om ein skal tru søketrendane. I år handla tre av ti spørsmål på «Kva er …?»-lista om kosthald og trening.

«Kva er ultraprosessert mat?», «Kva er raudt kjøtt?» og «Kva er crossfit?» har vore dei store spørsmåla i denne kategorien i år.

Debatten om ultraprosessert mat har vore heit dei siste månadane. Sidan lanseringa av nye kosthaldsråd har folk klødd seg i hovudet over kva ultraprosessert mat eigentleg er?

Men kosthald og trening er ikkje det einaste nordmenn er opptekne av. Elles på helsefronten finn me spørsmål om korleis ein kan kvitta seg med slim i halsen og korleis ein får hjernehinnebetennelse.

Film og TV

På populærkulturfronten var spørsmål om kvifor Israel og Australia deltek i Eurovision noko mange undra seg over.

Filmen «Oppenheimer» er øvst på lista over topp ti filmar og seriar, medan serien «The Last of Us» er på andreplass. Norske «Exit» tek tredjeplassen.

Etter NRK-serien Makta kom ut, var mange opptekne av å finna ut kven tidlegare Ap-formann Reiulf Steen var. Steen var den nordmannen flest søkte på i år. Ronander i Google kjenner seg igjen i søketrenden, og fortel at han sjølv har brukt søkemotoren flittig under strøyminga.

– Søkjetrendane viser at Reiulf Steen var ein meir interessant person enn mange kanskje hadde trudd, og eg har sjølv søkt opp og ned om norsk politikk på syttitalet medan eg har følgt «halvsanningane» frå Youngstorget på skjermen, seier Ronander.

"Kva er ultraprosessert mat?" var ein av tinga nordmenn undra mest på i 2023. | Foto: Karsten Winegeart/Unsplash
Samane sin nasjonaldag var eit populært tema. I 2023 gjennomførte samisk ungdom store aksjonar mot vindmøllene på Fosen. | Foto: Rasmus Berg/Natur og Ungdom/Flickr
Mange lurte på korleis dei skulle stemma i år. | Foto: Valgdirektoratet
Bjørn Eidsvåg er blant Noregs mest populære. | Foto: Javad Parsa / NTB
Emma Steinbakken var den musikaren flest folk søkte på i 2023. | Foto: Annika Byrde / NTB
Årets største serie blant Google-brukarar er HBO sin "The Last of Us" | Foto: Liane Hentscher/HBO
Blomkålsuppe var blant dei mest populære oppskriftene i år. | Foto: Eric Prouzet/Unsplash