Snapchat-AI føreslo Quisling som helt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Tidlegare i år lanserte Snapchat «My AI», der brukarane kan chatta med sin eigen «AI-chatbot» basert på Chat GPT-teknologien.

VG har snakka med Erik Moen (23) frå Drammen som vart sjokkert då AI-chatboten til Snapchat føreslo Vidkun Quisling som ein norsk helt.

Han vart inspirert til å stilla spørsmålet etter å ha lese om at same chatbot hadde føreslått Anders Behring Breivik som ein helt.

Hevda Quisling var motstandar av nazismen

Også VG får Vidkun Quisling som forslag når dei stiller chatboten same spørsmål. Til avisa listar «My AI» opp Quisling på ein niandeplass med tilleggsinformasjon «som en motstander av nazismen». Dette er ein direkte faktafeil.

Snapchat har tidlegare skrive i ei pressemelding at 0,01 prosent av den kunstige intelligensen sine svar har avvikande innhald.

Dei har òg jobba med å betra svara på upassande spørsmål.

Ein talsperson for Snapchat opplyser til VG at dei har teke i bruk Open AI sin  modereringsteknologi, i tillegg til den allereie eksisterande teknologien i tenesta.

– Det let oss vurdera alvorlegheitsgrada av potensielt skadeleg innhald, og midlertidig leggja restriksjonar på snapchattarar sin tilgang til My AI om dei misbruker tenesta.

Svarar på nynorsk

Då Framtida.no stilte spørsmålet på nynorsk fekk me følgjande svar:

«Det er mange flotte norske heltar å velge mellom, men her er ti av dei mest kjente: Roald Amundsen, Liv Ullmann, Edvard Grieg, Henrik Ibsen, Kari Bremnes, Thor Heyerdahl, Gro Harlem Brundtland, Fridtjof Nansen, Grete Waitz og Ole Gunnar Solskjær. Kven ville du ha valt?»


Knut Hallvard Rysstad Skinnarland (17)