Dialektprisen 2023 går til Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland

Norsk Målungdom seier dei har hatt føredømelege bruk av dialekt og nynorsk i fleire år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får Dialektprisen 2023.

Prisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får prisen for sin mangeårige føredømelege bruk av dialekt og nynorsk.

– Heilt sidan Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland sleppte sitt fyrste album i lag i 2013, har dei aktivt brukt både nynorsk og dialekter i arbeidet sitt på ein framifrå måte. Både i lag og kvar for seg er dei viktige dialektføredøme for ungdom, og med sitt framifrå telemål syner dei at dialekt er kult, også på Austlandet. Det fortener ein dialektpris, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Eikeland, i ei pressemelding.

Han legg til:

– Song er ein framifrå berar av språk og dialekt. Både barn, unge og vaksne høyrer på songane til Odd og Ingebjørg, og prisvinnarane er med det svært gode representantar for dialektbruk.

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er ein musikkduo frå Vinje i Telemark. Begge har solide solistkarrierer bak seg, og har bakgrunn frå folkemusikksjangeren.

Som duo debuterte dei som med albumet «Heimafrå» i 2013, som dei vart tildelt Spellemannsprisen for i kategorien tradisjonsmusikk. No er dei på nytt aktuelle med albumet og turneen «Langt heimafrå».

Dialektprisen blei utdelt for første gong i 2001, og vert delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Karsten Warholm, Therese Johaug og Victor Sotberg.

Prisvinnarane vert overraska med prisen når han blir delt ut etter den siste konserten deira er ferdig i Operaen på søndag.