Då eg var 20: Same dagen som han vart far spurde Jon Fosse om arbeid som journalist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne hausten kom endeleg første bind i storverket Septologien, ein roman på sju bøker fordelt i tre bind. VG og Dagbladet trilla begge femmarar på terningen, medan Bok365 knalla til med ein sjuar for første del av storverket.

2019 er eit stort år for dramatikaren frå Strandebarm, som fyller 60 år 29. september.

Det vert feira med brask og bram på Det Norske Teatret, som i dag avsluttar Den internasjonale fossefestivalen.

Året 1979 var det fire år til Jon Fosse skulle publisere sin første roman Raudt, svart og 15 år til han skulle debutera som dramatikar. Jon Fosse hadde flytta til Bergen for å studera etter å ha teke examen artium, som det den gongen framleis heitte, på Øystese Gymnas.

Korleis var kvardagen?

Eg studerte. Heldt vel på med førebuande prøve i filosofi. Og like etter byrja eg ved sidan av studiane å arbeida som frilansjournalist i den no nedlagde nynorskavisa Gula Tidend.

Hugsar du kva som skjedde?

Sjølve dagen kan eg faktisk ikkje hugsa.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las kanskje filosofihistorie, eit emne som interesserte meg mykje på den tid. Eg hadde då nesten heilt slutta å høyra på musikk. Eg såg nok lite fjernsyn også den gongen, og såg nok ein hende gong ein film. Det kan vera at det var på den tid eg oppdaga Fassbinder, gjekk ein serie av han på kino i Bergen. Eller kanskje var det noko seinare. Etter kvart vart det til at eg også såg mindre og mindre film.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

At eg vart far. Det var vel ein månad etter at eg fylte tjue år. Same dagen gjekk eg til den no avlidne redaktøren i Gula Tidend, Per Håland, og spurde om eg kunne få byrja å skriva for avisa.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei. Men eg visste at eg i alle fall ikkje ville bli lærar. Men eg likte å skriva, så eg tenkte at eg kanskje kunne bli journalist. Men eg var ihuga målmann, så det måtte då ha vorte i ei avis der eg kunne ha skrive på nynorsk. Å bli journalist i radio eller fjernsyn kunne eg aldri ha tenkt meg.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Alt var i det uvisse, men det plaga meg vel ikkje så mykje (slik eg hugsar det).

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ein smålåten fyr med svært langt hår, og altfor tynn. Ein slags særling.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Stol på deg sjølv, hald fast ved det du veit og vil.

Året 1964 var Kjartan Fløgstad i Garden og stod i givakt framfor Slottet. Foto: Privat, Julie Pike/Gyldendal