Vekas viktigaste: Separatistar, aksjehandel og studenthelse
Kollasj av Framtida. | Foto: Sean Kilpatrick/The Canadian Press via AP, File, Hans Kristian Thorbjørnsen, Simon Walker / No 10 Downing Street
Få med deg nokre av dei viktigaste sakene frå veka som har gått.
Åshild Slåen
Publisert Oppdatert 05.06.2024 14:06
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Auka konflikt i Nagorno-Karabakh
Nagorno-Karabakh er eit område som offisielt har vore under Aserbadsjan etter at Sovjetunionen fall, men som i praksis har vore sjølvstyrt sidan 90-talet. Området ligg midt i Aserbadsjan, men fleirtalet av dei som bur i området er etnisk armenarar. Sidan 2020 har Aserbadsjan erobra fleire område, og ved fleire tilfelle stengt korridoren som koplar regionen til nabolandet Armenia, som dei seier har gitt våpen til regionen.
Aserbadsjan gjekk til militært åtak mot området tysdag. Landet kalla det ein «Antiterror-operasjon». Onsdag vart Armenia og Aserbadsjan einige om ein våpenkvile. Minst 200 vart drepne og 400 såra i Nagorno-Karabakh som følgje av konflikten denne veka. Torsdag starta forhandlingar mellom Aserbadsjan og separatistane i regionen.
Tyrkia og Russland har hatt fredsbevarande styrkar i området, men Aserbadsjan seier dei vart informert om den militære operasjonen på førehand. Russland har nekta for å ha fått beskjed meir enn nokre minutt før operasjonen starta.
Satelittbilete med omtrentlege landegrenser over Kaukasus-området. | Foto: Svart, Public domain, via Wikimedia Commons
Sidan dei er gift, og difor har felles økonomi, kan denne aksjehandelen ha gjort Solberg inhabil som statsminister i fleire saker. Ho seier sjølv at ho ikkje var klar over omfanget til Finnes sin aksjehandel, og at han har halde mykje skjult. Advokaten til Finnes har sagt at dei ønsker at Økokrim etterforskar saka.
Saka har gjort at fleire stiller spørsmål ved om Erna Solberg kan stille som Høgre sin statsministerkandidat i 2025. Solberg har til no sagt at det er opp til partiet, ikkje henne, kva dei vel å gjere vidare.
(Bilete frå Høgres landsmøte 2023. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen)
Frå høgres lnadsmøte i 2023. | Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen
Sunak stadfestar blant anna at forbodet mot nye bensin- og dieselbilar blir utsett frå 2030 til 2035, utfasinga av gass- og oljefyring i bustader blir forseinka, og dei held fram med å leite etter olje og gass i Nordsjøen.
Grunnen statsministeren gir er at dei ikkje må gå for fort fram med klimatiltak, elles vil folk vende seg bort, og dei vil ikkje samtykke til tiltaka.
Fleire kritiserer statsministeren for dette, inkludert Greenpeace, Ed Miliband frå det britiske arbeidarpartiet, og den tidlegare statsministeren Boris Johnson som la fram fleire av tiltaka i sin regjeringsperiode.
(Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street)
Statsminister Rishi Sunak hld ei pressekonferanse om netto null-utslepp, og informerer om kva tiltak dei ikkje kjem til å innføre endå i Storbritannia. Frå 20. september 2023. | Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street
Desse tala tek utgangspunkt i dei siste 30 dagane. Dersom ein tek utgangspunkt i det siste året er talet endå høgare, med 57,3 prosent av dei kvinnelege og 42,5 prosent av dei mannlege studentane som oppfyller dei formelle krava til ei psykisk liding.
Alvorleg depressiv episode og generalisert angstliding er dei vanlegaste diagnosane.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch seier tala gir grunn til bekymring:
– Undersøkinga gir eit bilete av ei alvorleg folkehelseutfordring, som vi må handtere i fellesskap. Når så mange unge menneske rapporterer at dei slit med ulike psykiske plager, må vi som samfunn ta det på stort alvor, seier ho.
Nijar var ein separatist som kjempa for at sikhane, ein religiøs minoritet i India, skulle bryte ut som ein eigen republikk i regionen Punjab. Dei indiske styresmaktene har stempla han som ein terrorist.
Etter Nijar døydde, utviste Canada ein indisk diplomat. Som motsvar utviste India ein canadisk diplomat. Forholdet mellom dei to landa er no uroleg.
(Foto: Sean Kilpatrick/The Canadian Press via AP, File)
Statsminister Justin Trudeau og statsminister Narendra Modi 10. september, ved kremasjonsstaden til Mahatma Gandhi. | Foto: Sean Kilpatrick/The Canadian Press via AP, File
✨Lyspunkt✨: 70-åringar i dag er like kjappe i hovudet som 60-åringar var før
Tromsøundersøkelsen vart starta i 1974, og kartlegg helsa til folk i Tromsø. Rundt 45 000 innbyggjarar har delteke til no.
Nye resultat viser at i tillegg til betre fysisk helse, står det også betre til med dei kognitive evnene til folk. Ved å samanlikne tal frå 2001, 2008 og 2015/2016, viser det seg at dei som er født seinare konsekvent gjer det betre. 70-åringar i 2016 gjorde det til dømes like bra som 60-åringar i 2001.
Meir utdanning, fysisk aktivitet og mindre røyking er nokre av faktorane forskarane peiker på for betre resultat.
(Foto: Jack Finnigan via Unsplash)
Foto: Jack Finnigan via Unsplash
Meld deg på nyheitsbrevet vårt for å få vekas viktigaste rett i innboksen:
Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.