Planen inneber mellom anna at Hamas held seg ute av Gaza sitt styre og at våpen og militær infrastruktur blir øydelagt. Israelske styrkar skal trekke seg tilbake til eit avtalt punkt, og Israel skal ikkje annektere Gaza. Alle gissel skal returnerast til Israel innan 72 timar og Israel skal frigi hundrevis av palestinske fangar.
Palestinarane har ikkje vore med på å lage planen, og ein ventar no på svar frå Hamas. Trump støttar Israel dersom Hamas ikkje går med på avtalen.
Måndag 29. september møtte Donald Trump statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, i Det kvite huset. | Foto: AP Photo/Evan Vucci
Gen Z-opptøyar i Marokko
Laurdag førre veke starta dei største protestane i Marokko på fleire år. Unge krev at regjeringa prioriterer helse og utdanning framfor fotballstadionar til VM i 2030. Det starta som fredelege demonstrasjonar, men har utvikla seg til valdelege samanstøytar i minst elleve byar, med foreløpig over 120 arresterte.
Maskerte ungdomar skal ha storma politistasjonar med kniv for å ta våpen, kasta stein mot politiet, sett fyr på politibilar og bankar og plyndra butikkar.
Personar mellom 15 og 30 år utgjer den største delen av befolkninga, og demonstrasjonane vert omtala som Gen Z-protestar.
Ein person spring forbi ein politibil i flammar 1. oktober i byen Salé i Marokko. | Foto: AP Photo/Mosa'ab Elshamy
I september kutta Taliban internettet i fleire regionar av landet, for å hindre «umoralsk aktivitet» som porno. Sidan Taliban tok tilbake makta i Afghanistan i 2021 har dei slått hardt ned på kvinners rettar til å studere og jobbe og fleire har dimed brukt internett for å få kunnskap.
Ein mann i Jalalabad i Afghanistan sjekkar mobilen sin. | Foto: AP Photo/Hedayat Shah
Noreg er på toppen over Finland, Estland og Litauen.
Kvart år bygger europeiske land ned 1,5 milliardar kvadratmeter natur og matjord, noko som tilsvarer nesten 600 fotballbanar om dagen. Om ein ser på total nedbygging, er Tyrkia på toppen av lista.
Google sitt nye datasenter blir bygd på Gromstul utanfor Skien i Telemark. | Foto: Cornelius Poppe / NTB
Minst 72 døde i jordskjelv på Filippinane
Tysdag mista minst 72 menneske livet etter eit kraftig jordskjelv sentralt på Filippinane, ifølge Reuters. Skjelvet hadde styrke 6,9.
Over 300 personar er skadde og 20 000 er fordrivne frå heimane sine.
I tillegg er mange bygningar skadde, det vart straumbrot og det vart danna djupe sprekkar i vegane.
Det var omfattande redningsarbeid på Filippinane etter jordskjelvet. | Foto: AP Photo/Aaron Favila
Lyspunkt: Billig hiv-medisin blir tilgjengeleg frå 2027
Ifølgje Unitaid og Gates Foundation vil ein banebrytande hiv-medisin bli tilgjengeleg frå 2027. Medisinen vil koste 40 dollar, rundt 400 kroner, i året.
Dei to organisasjonane har samarbeidd for å utvikle ein medisin i India, som kan vere tilgjengeleg for mindre pengar enn den tilsvarande medisinen lenacapavir, som alt er på marknaden.
Medisinen skal førebygge mot hiv-smitte, og blir sprøyta inn i kroppen to gongar i året.
I 2024 var medisinen lenacapavir banebrytande. No kan det kome ein førebyggjande hiv-medisin som er billigare. | AP Photo/Nardus Engelbrecht
Har du fått med deg desse sakene frå veka som gjekk?
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.