Hiphop-artist dømd til fengsel i Myanmar
Artisten er dømd til 20 års fengsel for å ha kritisert dei militære leiarane i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det melder nyheitsbyrået AP. Ein familiemedlem av artisten fortel at 38 gamle Byu Har, kjent som Min Oar Myanmar, har blitt dømd for å kritisere Myanmars militærstyrte regime.
Det skal vere den strengaste straffa som er gitt til ein kjendis for å kritisere den militære leiinga som tok makta i eit kupp i 2021.
Kalla leiaren «inkompetent»
Artisten vart arrestert i heimen sin i byen Yangon 24. mai. I ei direktestrøyming på Facebook hadde han kritisert Myanmars militære leiar Min Aung Hlaing.
Han sa at regimet ikkje hadde greidd å levere nok elektrisitet til byen, som er den største i landet. Straumbrot har blitt eit stort problem i Myanmar. Mellom mars og starten av juni var det daglege straumbrot på åtte timar for å spare energi.
I videoen kalla Byu Har leiaren «inkompetent» og elektrisitetsministeren ein «dust». Han meinte det fungerte betre under den avsette statsministeren Aung San Suu Kyi.
Spesifikt mål
Rundt 4000 personar har blitt drepne og 24 410 arresterte sidan hæren tok makta, ifølgje Assistance Association for Political Prisoners. AP skriv at kjendisar som støtter protestrørsler eller viser sympati for sivile som er blitt drepne av militæret, har vore eit spesifikt mål.