Éin av tre studentar kan ha ei psykisk liding: – Alvorleg folkehelseutfordring

33,9 prosent av norske studentar kan ha ei noverande psykisk liding, viser ei ny tilleggsundersøking til Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Dette er første gong vi undersøkjer førekomsten av psykiske lidingar blant norske studentar. Tala viser at omtrent éin av tre studentar oppfyller dei formelle kriteria for ei noverande psykisk liding ifølgje det diagnostiske kartleggingsverktøyet vi har nytta, seier Kari-Jussie Lønning, styringsgruppeleiar for SHoT.

Meir enn 10 000 studentar har svart på undersøkinga, som er eit standardisert og validert kartleggingsverktøy utvikla av Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Tala gir grunn til bekymring, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Undersøkinga gir eit bilete av ei alvorleg folkehelseutfordring, som vi må handtere i fellesskap. Når så mange unge menneske rapporterer at dei slit med ulike psykiske plager, må vi som samfunn ta det på stort alvor, seier ho.

Høgare kvinneandel

Over tid blir tala endå større. Omtrent halvparten av dei som svarte på undersøkinga, kan nemleg ha hatt ei psykisk liding det siste året.

Undersøkinga viser at 57,3 prosent av dei kvinnelege respondentane oppfyller diagnosekriteria for ei psykisk liding det siste året, medan andelen er 42,5 prosent for menn.

– Det overraska oss kor høge tala er. Sjølv om talet er høgare blant kvinner, er det høgt også blant menn. Studentar som opplever alvorlege psykiske lidingar, står overfor ei rekkje hindringar som kan påverke dei akademiske prestasjonane deira, livskvalitet og langsiktige trivsel, seier Lønning.

Depresjon og angst

Dei mest utbreidde psykiske lidingane blant studentar er depresjons- og angstlidingar.

Tre av ti oppfyller kriteria for ein «alvorlig depressiv episode» det siste året. Kjernesymptoma for depressive lidingar er nedsett stemningsleie og energi, kombinert med tap av interesse for eller glede av ting ein tidlegare likte. Omtrent like mange oppfyller kriteria for ei angstliding.

– Når ein treng hjelp, er det å søkje hjelp tidleg viktig. Studentar kan få hjelp av fastlegen sin, av helse- og omsorgstenesta i kommunen der ein studerer, gjennom tilvising til spesialisthelsetenesta eller av helsetilbodet som blir tilbode av studentsamskipnaden, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Lønning håpar undersøkinga kan bidra til å betre den mentale helsa til studentar.

– Vi håpar at kunnskapsunderlaget kan bidra til arbeidet for eit inkluderande og støttande miljø for studentar, der den mentale helsa deira blir prioritert på lik linje med den akademiske suksessen deira, seier SHot-leiaren.

– Alvorlege tal

Norsk studentorganisasjon meiner situasjonen er alvorleg, og etterlyser handling frå politikarane.

– Endå ein gong får vi alvorlege tal om den psykiske helsa til studentane. No treng vi politikarar som handlar, ikkje berre snakkar laust om at vi rundt neste sving skal prioritere tiltak, seier Oline Sæther, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO). 

Interesseorganisasjonen meiner trong økonomi, dårlege læringsmiljø og manglande satsing på studentfrivilligheit er årsaker til at studentar rapporterer om psykisk uhelse.

– Vi forventar at politikarane møter behova våre. Vi må sikrast ein økonomi som gjer at vi kan bruke tid på aktivitetar som gjer oss godt. Dette inkluderer å vere aktiv i det frivillige studentmiljøet – eit viktig førebyggjande verktøy. For å redusere behovet for behandling, må vi investere meir i det som førebyggjer psykisk uhelse, avsluttar Sæther.

NSO-leiar Oline Marie Sæther. | Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK