20 000 har fått tilbod om studentbustad – 10 000 framleis i kø

20 461 studentar har fått tildelt studentbustad per 15. august, ifølgje studentsamskipnadene. Samtidig står 10 501 studentar framleis i kø for å få ein bustad.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er framleis ein stor del studentar som ønskjer å bu i studentbustadene våre, men som dessverre står på venteliste. Vi har tildelt langt fleire bustader i år samanlikna med i fjor, men behovet er framleis stort, seier styreleiar Audhild Kvam i Samskipnadsrådet i ei pressemelding.

Den varsla studentbustad-krisa held fram med å utfalde seg, heiter det vidare i meldinga.

– Vi forventar at tiltaka vi har etterlyst i årevis, blir prioriterte av politikarane. Reguleringsprosessane må effektiviserast i kommunane, tilskota må aukast av regjeringa, og samskipnadene må byggje, seier leiar Oline Sæther i Norsk Studentorganisasjon.

Ung kvinne står ute.

Leiar Oline Sæther i Norsk studentorganisasjon forventar at tiltaka dei har etterlyst i årevis, blir prioriterte av politikarane. Blant desse er at reguleringsprosessane blir effektiviserte i kommunane. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Gjer ekstra tiltak

Fleire kommunar og samskipnader gjer samtidig ekstra tiltak for å hjelpe studentane som treng ein mellombels bustad i samband med studiestart. Det gjeld mellom anna hotellavtalar og mellombelse sovesalar.

– Vi håpar samskipnadene, kommunane og næringslivet vil gå i dialog for å sjå om det er fleire moglegheiter. Alle bidrag som kan vere med på å gi desse studentane ein god studiestart, er svært ønskjelege, seier Kvam.

Køar fleire stader i landet

Studentbustadkøane rundt omkring i landet er som følgjer per 15. august (talet på tildelte studentbustader i parentes):

  • Noregs arktiske studentsamskipnad: 1158 (1724)
  • Nord studentsamskipnad: 130 (830)
  • Studentsamskipnaden Innlandet: 131 (992)
  • Studentsamskipnaden i Indre Finnmark: 2 (22)
  • Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim*: 1303 (2508)
  • Studentsamskipnaden i Stavanger: 572 (569)
  • Studentsamskipnaden i Agder: 318 (914)
  • Studentsamskipnaden i Molde: 18 (203)
  • Studentsamskipnaden i Oslo: 3323 (6230)
  • Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg: 286 (1103)
  • Studentsamskipnaden i Volda: 0 (399)
  • Studentsamskipnaden i Østfold: 0 (885)
  • Studentsamskipnaden i Ås: 390 (643)
  • Studentsamskipnaden på Vestlandet: 2870 (3439)

*Studentbustader i Trondheim (Sit) opererer ikkje med venteliste, men interessentliste.


LES OGSÅ: Desse goda skal lokke til seg studentar

Hand som held pengar. ein buss, sjukepleiarar, fargar

Både kommunar og utdanningar prøvar å lokke til seg studentar med økonomiske gode. Foto: Noregs Bank. Illustrasjon: Canva