Ria og Nikos vil forlate heimlandet: – Få moglegheiter i Hellas

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 08.12.2023 15:12

Denne saka er del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

– Med mindre noko går galt, vil eg forlate Hellas for å finne arbeid, fortel Ria Tzika (24).

Ho tek ein mastergrad i risikokommunikasjon og krisejournalistikk i Thessaloniki i Nord-Hellas. Ho har tidlegare engasjert seg frivillig i ulike organisasjonar, og ønsker å jobbe i ikkje-statlege organisasjonar (NGOs) i framtida. 

Men ikkje i heimlandet.

– Eg veit at det kan vere vanskeleg å finne ein jobb på den marknaden. Eg veit at eg ikkje har mange moglegheiter her, særleg i min alder. Sjølv i dei få jobbane eg kan få, veit eg at eg vil bli utnytta i mange år. Eg vil ikkje jobbe under dårlege forhold og med dårleg løn, seier ho til Framtida.

Brain Drain

Statistikk viser at 77,1 prosent av unge grekarar er villige til å flytte ut av landet om dei finn ein betre betalt jobb. For heile befolkinga er talet 57,9 prosent. 

Det det kokar ned til er pengar. Over halvparten av unge grekarar oppgir økonomiske vanskar som eitt av dei største problema i livet deira.

Om lag 400.000 grekarar forlét landet mellom 2010 og 2021. Nesten 70 prosent av dei hadde ein master- eller ein doktorgrad, og dei fleste flytta til europeiske land. Mange jobbar innan business, finans, IT og ingeniørfag.

Ein slik brain drain, eller hjerneflukt, er eit stort problem for Hellas, og styresmaktene har initiert nokre program for å snu trenden. Mellom anna prøvde dei å lokke kompetente folk tilbake med pengar.

Noko, men ikkje nok

Ria Tzika (24) studerer risikokommunikasjon i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ria på si side meiner at styresmaktene ikkje har gjort nok for å motverke at unge flyttar frå landet i det heile.

– Situasjonen har vore slik i ti–tolv år, og ingenting har forandra seg. Om dei faktisk hadde prøvd å halde på dei unge, trur eg det ville ha vore ei lita betring. Men situasjonen for unge blir berre verre, seier ho.

Statistikken viser vel å merke at den ekstreme utvandringa under finanskrisa har dempa seg.

Éitt grep som har blitt gjort, er at unge huskjøparar kan få lån med svært låg rente når dei kjøper sin første bustad.

– Det er noko, men ikkje nok, seier Ria.

Kanskje Amsterdam

Ria vurderer ulike alternativ, men ein av planane hennar er å ta ein ny mastergrad som utanlandsstudent i Amsterdam. Deretter vil ho prøve å få seg jobb i Nederland. Ho viser til at landet har gode universitet som hjelper nyutdanna med å få seg jobb, har eit stort gresk samfunn, og har goder for utanlandske studentar.

Ria Tzika (24) vurderer å ta ein ny mastergrad for å komme seg ut av Hellas. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Alternativt vil ho bli buande heime hos foreldra og jobbe i nokre år, for å tene opp nok pengar til å starte på nytt i eit anna land.

Ria tek også studiet i Thessaloniki på engelsk, for å ha ein sterkare CV når ho søker jobb utanfor Hellas.

Stort samtaleemne

Ria fortel at ho har tenkt på å dra frå Hellas sidan første året på universitetet. Ho har reist mykje utanlands, både som frivillig og med Erasmus, og då har ho sett skilnaden.

– Når du ser korleis folk bur og jobbar, tenker du «Eg vil dra dit. Eg óg vil ha eit slikt liv», seier ho.

Etter ein fullført bachelor prøvde ho seg i arbeidslivet for eit sveitsisk firma med avdeling i Thessaloniki. Ho fortel at eit titals tilsette i Sveits tente fett, medan fleire hundre arbeidarar i Hellas tente 600 euro i månaden.

– Vi har ikkje mange moglegheiter, og vi blir utnytta på arbeidsmarknaden. Folk er desperate etter jobb og inntekt, seier ho.

Mange tek fleire jobbar, eller ender opp med arbeid som ikkje er relevant til utdanninga deira. Minsteløna i landet er nyleg auka til 780 euro i månaden.

Ria fortel at det å flytte utanlands er eit stort samtaleemne blant unge. Og i hennar miljø er det noko som har blitt meir og meir snakka om med åra.

– Nyleg har eg høyrd folk som tidlegare var heilt imot å forlate Hellas, som ikkje ein gong har prøvd å lære seg engelsk, seie «Fuck it, eg skal flytte ut». Det har sjokkert meg. Frå den augenblinken ein kjem på arbeidsmarknaden og ser situasjonen på nært hald, seier folk: «That’s it.»

Ria Tzika (24) fortel at mange på hennar alder snakkar om å flytte ut. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Er det noko styresmaktene kunne gjort som ville gjere det meir aktuelt for deg å bli verande?

– Eg veit verkeleg ikkje. Sjølv med gode politiske slutningar trur eg ikkje det er nok moglegheiter for meg sjølv, no. Det finst ikkje nok bedrifter eller organisasjonar. Kanskje god politikk kunne ha hjelpt den neste generasjonen, seier ho.

– Korleis kjenst det å skulle forlate vener og familie?

– På dette stadiet i livet er det ikkje så vanskeleg. Eg har så lyst til å dra utanlands at eg ikkje tenker på det. Men eg bur framleis med familien min på grunn av den økonomiske situasjonen, så eg har fått eit sterkare forhold til dei. Det gjer det vanskelegare. Du veit at du ikkje berre drar for eitt år, men forlèt for å generelt få ei betre framtid – og kanskje komme tilbake mange år seinare.

I løpet av intervjuet trekker Ria fram denne memen:

Ikkje like pessimistisk

Også Nikos Kokolantonakis (25) frå Kreta førebur seg på å forlate heimlandet når sjansen byr seg. I vår held han på å fullføre ein mastergrad i datateknologi ved Aristoteles-universitetet i Thessaloniki.

Greske Nikos Kokolantonakis (25) ønsker å flytte frå Hellas. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Nikos jobbar ved sida av studiene, og han er ikkje veldig pessimistisk når det gjeld jobbmoglegheitene i Hellas.

– Det er mykje lettare å få jobb i IT-bransjen enn i andre felt. Eg vil ikkje seie det er lett, men relativt lett, seier han.

Vil ha nye erfaringar

Medan mange grekarar ønsker å flytte ut av økonomiske grunnar, seier Nikos at han har meir romantiske grunnar til å dra ut i verda. Han har hatt utvekslingsopphald i Polen og Spania, og han fortel at det har utvida horisonten hans.

Barcelona, Lisboa og Amsterdam er nokre av stadane han vurderer å dra til.

– Eg likar kjensla av å komme til ein ny stad, få nye erfaringar og møte folk. Eg har moglegheiter i Hellas og kunne funne ein annan jobb her, men eg har lyst til å flytte, seier han.

Nikos Kokolantonakis har hovudsakleg romantiske grunnar til at han vil reise ut av landet. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han meiner det er viktig å lære å kjenne verda gjennom erfaringar, ikkje berre over internett. Han trur fleire grekarar kunne hatt godt av å lære å kjenne folk frå andre land, og ikkje berre sjå på dei som turistar å tene pengar på.

– Vanskeleg å stå på eigne bein

Nikos forstår likevel kvifor så mange grekarar forlet landet av økonomiske grunnar.

– Om foreldra dine ikkje har ei bedrift, eller pengar til å støtte deg, er det veldig vanskeleg å stå på eigne bein og gjere kva du vil. Det vert mykje lettare å dra. Men eg vil rå dei til å ikkje berre dra for pengane. Du skal også ha eit liv, og du må finne ein balanse. 

Og sjølv om det ikkje er sinne mot Hellas som gjer at Nikos vil flytte ut, fortel han at han også kjenner på frustrasjon med heimlandet sitt. Han er fortvila over politikken og tankesettet i landet, der pengar og kontaktar kan gi ufortente fordelar.

Det greske samfunnet er ikkje slik Nikos Kokolantonakis vil ha det. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Samfunnet er ikkje slik eg vil ha det. Økonomisk sett ser ikkje Hellas ut til å ha ein sjanse til å verkeleg vakse i nær framtid, seier han.

Andre unge Framtida har snakka med, gir uttrykk for at dei meiner landet ikkje bryr seg om deira generasjon. Nikos kan seie seg einig. Han viser til at mange studentar kjem ut av universitetet og slit med å skaffe seg relevant jobb.

Tal frå 2019 viser at over halvparten av grekarar med ingeniørutdanning jobbar i eit felt som er irrelevant for utdanninga deira. For folk med utdanning innanfor humaniora er talet endå høgare.

– Styresmaktene hjelper generelt ikkje. Av og til prøver dei å støtte dei aller fattigaste, men dei verkar å ha det greitt med at unge må bu heime hos foreldra og berre jobbe for å overleve, utan å kunne utvikle seg og ta eigne val. Du får ikkje hjelp til å starte eit liv her, seier han.


Les også: Unge grekarar kjenner seg ignorerte i samfunnet: – Det er vanskeleg å vere positiv

Greske ungdomar ser på solnedgangen frå eit tak i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg