Norsk studentorganisasjon rasar over skulepengar til internasjonale studentar

Dersom det reviderte nasjonalbudsjettet går gjennom må internasjonale studentar utanfor EØS/Sveits betale skulepengar i Noreg.

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle innspel til regjeringa frårådde innføringa. Det er urovekkande at våre fremste folkevalde vel å sjå vekk frå veljaranes tilbakemeldingar, skriv leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO), Maika Marie Godal Dam, i ei pressemelding torsdag.

Regjeringa held fast på innføring av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS/Sveits. Det kom fram i forslaget for revidert nasjonalbudsjett.

Fredag 24. mars la regjeringa fram eit forslag om innføring av skulepengar for internasjonale studentar frå utanfor EØS/Sveits.

Dette vart møtt med stor misnøye. I alt fekk regjeringa 93 tilbakemeldingar frå ulike organisasjonar og privatpersonar, der alle var imot forslaget om innføring av skulepengar. Du finn ei oversikt her.

Hadde forventa meir av Arbeidarpartiet

NSO er skuffa over at regjeringa ikkje har teke omsyn til tilbakemeldingane. Dei skriv blant anna i ei pressemelding at skulepengar er ein skamplett på norsk utdanningspolitikk.

Vidare i pressemeldinga står det at NSO hadde store forventingar til at Arbeidarpartiet skulle ta kampen mot skulepengar. Dei viser til at partiet alltid har hatt eit tydeleg og bindande standpunkt for gratisprinsippet.

– At einmannsshowet til Borten Moe får køyre over gratisprinsippet, Arbeidarpartiets eigen politikk og tradisjon for å kjempe for like moglegheiter viser ingenting anna enn AP sin manglande slagkraft. Det er på høg tid at partiet rettar seg opp i ryggen og tar kampen, skriv Godal Dam.

Bryt med Hurdalsplattformen

I regjeringa si plattform står det at høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, også for internasjonale studentar.

Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, sa i fjor til Khrono at det var delvis slutt på tida der utdanning er gratis for internasjonale studentar. Borten Moe sa den gong at dei justerte eige løfte i forhold til Hurdalsplattformen.

Ola Borten Moe er nestleiar i Sp og forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa til Støre. Foto: Ragne B. Lysker/Senterpartiet

Prioriteringar rundt økonomi og praksisen i utlandet for norske studentar var to av årsakene som gjorde at regjeringa ville innføra skulepengar.

– Vi i Noreg er nøydd til å betale om vi skal gå på universitet i USA, England, Australia eller kor det skulle vere.

Han seier dei må prioritere korleis dei fordeler pengane.

– Skal vi bruke dei på det som eigentleg er formålet til norske universitet og høgskular, nemleg å vareta samfunnets kompetansebehov og gi eigen befolkning moglegheit til utdanning? Eller skal vi vere det einaste landet i verda som tilbyr gratis utdanning til absolutt alle? Svaret på det siste spørsmålet meiner eg gir seg meir eller mindre sjølv.

Hjelp av SV og støtte frå Raudt

Hege Bae Nyholt frå Raudt er leiar av Utdannings- og forskingskomiteen. Foto: Regjeringa

Den 5. mai sende stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt (R) følgande spørsmål til Jonas Gahr Støre.

– Vil statsministeren seie at regjeringa lyttar til veljarane, befolkninga og råka partar i saka om innføring av skulepengar for internasjonale studentar, og meiner statsministeren det er forsvarleg av regjeringa å fremme et lovforslag når alle høyringsinnspel, studentane, dei råka, Arbeidarpartiets politikk og Hurdalsplattformen går imot forslaget?

Regjeringa sin budsjettpartnar Sosialistisk Venstreparti (SV) har også vore klar på at dei er imot skulepengar. No håper NSO at SV skal vere redninga.

– No treng vi eit SV som går rakrygga inn i budsjettforhandlingane med regjeringa og krev at skolepengar blir stoppa, før det kostar oss alle, men særleg studentane, meir enn vi kan betale, avsluttar Godal Dam.