Fosse ut mot språktvang for journalistar

Forfattaren og dramatikaren Jon Fosse kallar det ei krenking av ytringsfridomen at journalistar ikkje får skrive på si eige målform i aviser som Aftenposten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fosse ut mot språktvang

Denne veka vart eit intervju med Fosse, skrive av BT-journalist Siri Økland, omsett og trykt på bokmål i Aftenposten. Forfattaren er ikkje overraska:

– Det var ikkje uventa. Slik sett reagerer eg ikkje på dette i det heile teke. Eg har for lengst vent meg til å leva i eit land der ytringsfridomen dagleg blir krenkt, seier Fosse til Klassekampen.

LES OGSÅ: Fosse kritiserer Den Nationale Scene

Ikkje engasjert i språktvang
Han siktar til at journalistar som har nynorsk som førsteval, ikkje får skrive på sitt eige språk i aviser som Aftenposten. Han kallar dette ei krenking av ytringsfridomen og meiner den norske avdelinga av forfattar- og ytringsfridomsorganisasjonen PEN burde ta opp saka. Korkje PEN eller interesseorganisasjonen til journalistane, Norsk Journalistlag, har engasjert seg mot språktvang for journalistar.

LES OGSÅ: – Våga-dialekta fekk ei viktig rolle

Endrar karakter
Fosse vart ikkje spurt på førehand om omsetjinga, og han har ikkje lese intervjuet på riksmål, som han kallar det. Men han seier til Klassekampen at han ikkje hadde motsett seg omsetjinga om han hadde vorte spurd. Han har sjølv fått omsett tekstar han har skrive, og meiner det største problemet med det er at for eksempel teaterstykke endrar karakter. Men han meiner òg dette er eit spørsmål som høyrer heime på eit høgare nivå enn det personlege.

Tap for lesaren
Journalist Siri Økland, som skreiv intervjuet, meiner omsetjinga er eit tap for lesaren.

– Dei går glipp av sjansen til å lesa Fosse på den måten han uttrykkjer seg, både skriftleg og munnleg, seier ho til Klassekampen.

Den nye sjefredaktøren i Aftenposten, Espen Egil Hansen, forsvarar omsettinga med at Aftenpostens språk er moderat bokmål.