Fosse kritiserer Den Nationale Scene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritiserer Den Nationale Scene

– Den Nationale Scene har av ein eller annan forunderleg grunn fått status som nasjonalteater, men dei klarer ikkje ein gong å ta på seg å vera eit teater for Vestlandet. At dei skal ha nasjonalstatus er aldeles feil, og eg håper regjeringa har såpass vit at dei tar statusen frå dei, seier Jon Fosse til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte går til scena

Danna bergensar og dum stril
Fosse meiner teatret er for bergenspatriotisk og peikar på at mange av dei som bur i Bergen er nynorskfolk frå områda rundt byen.

– Ofte verkar det som om DNS ser seg nøgd med å vera eit teater berre for innfødde bergensarar, og som så ofte det er mogleg byggjer opp under mytologien om den danna bergensaren og den dumme strilen. Det held i alle fall ikkje. For å gjera noko med slike erkebergenske stereotypiar, bør både folkekomediar og klassikarar spelast på nynorsk, for eksempel Tsjekhov og Shakespeare. Om lag 20 prosent på nynorsk hadde ikkje vore å krevja for mykje av eit teater som skal vera eit nasjonalteater, og ikkje berre eit bergensteater, seier Fosse som meiner DNS neglisjerer og fornærmar halve Vestlandet.

Ifølgje Bergens Tidende viser tal frå teateret at dei har sett opp berre bokmålsstykke i tre av dei siste ni åra. I fire av desse åra har dei sett opp eitt stykke på nynorsk, medan dei eitt år sette opp to. Toppåret var 2008, då tre nynorskstykke blei viste på DNS. Totaltilbodet av eigenproduksjonar varierer mellom 9 og 16 framsyningar per år i denne perioden.

LES OGSÅ: Jon Fosse på fjerdeplass

Tre på nynorsk i år
Teatersjef Agne Haaland ved DNS avviser kritikken frå Fosse og viser til at i år er tre av 11 eigenproduksjonar på nynorsk. Grunnen til at det ikkje har vore meir nynorsk tidlegare år er ønsket om å finne det rette stoffet og at ein ikkje har prioritert å lage nye omsetjingar av klassiske stykke, ifølgje Håland.

Når det gjeld skuldingane om bergenspatriotisme, meiner Håland at DNS skal vere djupt forankra i Bergen og verda. Men ho er samd i at DNS også har eit ansvar for nynorsken.

– Me har to målformer i Noreg, og det er ansvaret vår å forvalta begge, seier Haaland til BT. (©NPK)