Kjerkol vil redusere psykiske helseplager hos unge med 25 prosent
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) vil i juni leggje fram plan der ambisjonen til regjeringa er å redusere psykiske helseplager for unge med opptil 25 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kjerkol røpte delar av innhaldet i opptrappingsplanen då ho torsdag kveld talte til landsmøtet i Arbeidarpartiet. Ho sa at planen skal gå over ti år og at også finansieringa av planane er klar.
– Målet vårt er at langt færre barn og unge skal oppleve psykiske helseplager, sa Kjerkol til landsmøtet.
– Barn og unge sjølvrapporterer jo eit stort omfang av psykiske helseplager. Vi ønskjer at det skal reduserast med 25 prosent. Det betyr at barn og unge skal få det betre, utdjupar Kjerkol til NTB etter talen.
Aukande trend
Dei siste åra har unge, og særleg jenter og unge kvinner, rapportert om stort auka omfang av psykiske plager. Ei samanstilling av fleire studiar frå Folkehelseinstituttet viser at trenden er klart aukande blant begge kjønn, men opptil 45 prosent av spurde jenter og unge kvinner frå 13 og opp til 34 år fortel om psykiske plager.
Helseministeren seier årsakene til auken i psykisk uhelse er samansett, og at det er mange måtar å møte bølgja på.
– Medisin er ikkje alltid behandlinga – idrett, fritidsklubbar, tilsette i barnehagen, psykisk helse i skulen og ein jobb å gå til er mykje viktigare for å forhindre psykiske helseplager.