Språkrådet vil ha dagbøter for brot på språklova

Språkrådet vil innføre bot for høgskular, universitet og andre i kunnskapssektoren som ikkje følgjer kravet om å veksle mellom bokmål og nynorsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet førte tilsyn med 31 verksemder i 2022. Ingen av dei tilfredsstilte det lovpålagde kravet om å veksle mellom bokmål og nynorsk, skriv Khrono.

Blant desse er alle universitet og høgskular, og dessutan ei rekkje forvaltningsorgan som til dømes Forskingsrådet.

Nynorsk marginalisert

I dei fleste tilfelle blir nynorsk marginalisert. Fleire av dei største forskings- og utdanningsinstitusjonane er framleis langt unna å nå det lovpålagde kravet om å bruke minst 25 prosent nynorsk.

Språklova vart innført 1. januar 2022, men har ikkje ført til endring, meiner direktør Åse Wetås i Språkrådet.

– Vi synest det er sørgjeleg at ein stat må sanksjonere mot seg sjølv. Lova i seg sjølv burde vere eit kraftig nok verkemiddel. Men vi ser ikkje at den nye språklova har ført til positiv endring.

– Dette handlar om meir enn at institusjonane lèt vere å bruke nynorsk. Dei gjer det vanskelegare å halde på hovudmålsetjinga i den norske språkpolitikken om at norsk skal vere samfunnsberande språk, i og med at nynorsk er ein del av det norske språket, seier ho.

Språkrådet ber no om eit møte med Kunnskapsdepartementet for å «drøfte korleis det kan bli slutt på dei systematiske brota på språklova i denne sektoren».

I tillegg meiner Språkrådet at straffetiltak må vurderast, til dømes dagbøter.

Les også: Akademikarar blir oppmoda til å skrive på engelsk: – Eit demokratisk problem

NTNU-skilt

NTNU Campus i Ålesund. Foto: Eli Anne Tvergrov/NTNU/CC BY-SA 4.0