Styret i Språkrådet truar med å trekkje seg på grunn av manglande ressursar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ved inngangen til 2023 har Språkrådet ein oppgåveportefølje som er så stor at også lovpålagde oppgåver må veljast bort. For styret i Språkrådet er dette ein situasjon det er vanskeleg å sitje stille og sjå på, skriv styret i eit debattinnlegg i Aftenposten.

– Dersom statsråden ikkje finn å kunne prioritere ein dialog med Språkrådet i ein svært krevjande situasjon, må eit samla styre vurdere å be seg friteke frå oppgåvene sine, heiter det vidare.

Engelsk vinn, minoritetsspråk tapar

I innlegget hevdar styret at den språkpolitiske situasjonen er akutt på mange samfunnsområde, og at engelsk vinn fram i mange samanhengar.

– Vi observerer svake vilkår for nynorsk og svært svake vilkår for dei utsette urfolks- og minoritetsspråka våre. Og vi ser at språkpolitiske verkemiddel manglar prioritet og ressursar. Derfor har vi bede om å få komme i dialog med politisk leiing i Kultur- og likestillingsdepartementet, heiter det i innlegget, som er signert eit samla styre.