Lærarstudentar vert verande
Studentar vert ofte verande i regionen etter endt utdanning. Høgskulerektorar fryktar sentralisering av kunnskap med færre lærarutdanningar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtvarar mot sentralisering
I dagens Dagsavisen kunne ein lese at NHO-direktør Kristin Skogen Lund og Ola Magnus Rydje i Norges Studentorganisasjon (NSO) oppfordra kunnskapsministeren til å setje ein stoppar for «den ville veksten» i studietilbod.
Skogen Lund foreslår mellom anna å kutte talet på stader som tilbyr lærarutdanning frå 20 til sju. Pedagogstudentene ynskjer debatten velkommen, men utdanningsinstitusjonane ueinige.
LES OGSÅ: – For mange studietilbod i Noreg
Ikkje isolert i studiebygda
– Ei så radikal sentralisering som Kristin Skogen Lund føreslår vil eg åtvare mot, seier Per Halse, rektor ved Høgskulen i Volda (HiVolda).
Han kan seie seg einig i delar av NHO-direktøren si utsegn, men trur ikkje at store lærarutdanningar berre i dei største byane er vegen å gå.
Nesten 700 av dei rundt 4000 studentane ved HiVolda sorterer under lærarutdanninga: barnehagelærar, grunnskulelærar og praktisk pedagogisk utdanning – heil og deltid.
Halse peikar på at Volda har eit godt fagmiljø, og at dagens teknologi gjer at ein ikkje sit isolert i si eiga studiebygd.
I tillegg har lærarutdanninga synt seg å vere viktig for å rekruttera lærarar til området. Studiar syner at brorparten av dei som tek velferdsutdanningar – sjukepleiar, lærar og sosialarbeidar – i Møre og Romsdal, arbeider i fylket to år etterpå. Fleire av desse kjem opphavleg frå andre område.
– Om det berre vert lærarutdanning i dei største byane, er eg redd det kan verte ein kvalitetsforskjell der gode velutdanna lærarar arbeider i sentrale område, framfor distrikta.
Tendensen er den same ved studiestader i store delar av landet. I fjor meldte Bergens Tidende at halvparten av Bergensstudentane blir. 8 av 10 studentar ved Universitetet i Stavanger, får seg arbeid i Rogaland, syner ei undersøking gjort på oppdrag frå universitetet i 2011.
LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030
Færre i Finland
Leiar i Pedagogstudentene Arnt Gunnar Johansen meiner det kan vere lurt å sjå på talet på stader som tilbyr lærarutdanning.
– Ein må finne ein balanse som sikrar gode og sterke fagmiljø, meiner Johansen, som òg seier at den norske tradisjonen med små lærarutdanningar er viktig for rekrutteringa.
Han peikar på at Finland, som gjerne vert rekna som eit føregangsland når det kjem til skule og læraryrket, berre har åtte universitet som tilbyr lærarutdanning. Sjølv vil han ikkje seie noko om kor mange lærarutdanningar Noreg bør ha, men etterlyser ein ny rapport om emnet.
I 2008 kom Stjernø-utvalget med ei utgreiing om høgare utdanning i Noreg. Utvalget var uroa for kvaliteten ved dei mindre lærarutdanningane, mellom anna på grunn av mange deltidsstudentar. Dei anbefalte difor at regionane samarbeida meir om kva profil høgskulane skulle ha og at Kunnskapsdepartementet burde ha meir å seie når det kjem til storleik, profilering og lokalisering.
LES OGSÅ: Fire av ti studentar fullfører ikkje graden
Toppar listene
Rektor Halse får støtte av rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) Liv Reidun Grimstvedt om at større sentrale lærestader ikkje er vegen å gå. Begge meiner at tett oppfølging av studentane er ein kvalitet ved mindre utdanningsinstitusjonar.
– Eg er ueinig med Skogen Lund i at stor er lik god kvalitet, og liten er lik dårleg kvalitet, seier Grimstvedt.
Ein tredel av studentane ved Høgskulen Stord/Haugesund kjem under avdelinga for lærarutdanning og kulturfag. Skulen er best i landet når det kjem til gjennomføring av fireårig lærarutdanning. På andreplass finn ein Høgskulen i Volda. Dette går fram av «Tilstandsrapporten» for høgare utdanning som Kunnskapsdepartementet gav ut i vår.
LES OGSÅ: – Me har eit realfagsproblem
Mindre fleksible studentar
Rektoren ved HSH fortel at heile 85 prosent av studentane deira er frå regionen. Grimstvedt peikar på at for mange av desse er det ikkje eit alternativ å reise vekk. Grunnen til dette kan mellom anna vere ein partnar som allereie er i arbeid, noko som gjer ein mindre fleksibel. Alternativet vert då ei anna utdanning, og ein får færre lærarar.
Her, som i store delar av landet, vert studentane verande etter ferdig utdanning. Heile 90 prosent av studentane arbeider i regionen rundt Stord og Haugesund etterpå.
– Hadde me ikkje hatt lærarutdanning her hadde ikkje ungane hatt kompetente lærarar. Det vert ei for enkel kopling å seie at dei flinke reiser ut, meiner Grimstvedt.
LES OGSÅ: Slik vil nettet revolusjonera utdanninga
Trygg på tilbodet
HiVolda-rektor Per Halse er trygg på at ikkje lærarutdanninga i Volda vert lagt ned, men det kan verte naudsynt med endringar, dersom trenda med dårlege søkjartal til lærarutdanningane held fram.
– Ideelt sett burde me hatt fleire studentar. Den nye reforma i grunnskuleutdanninga har ikkje gjeve den auken i søknaden som styresmaktene hadde vona.
Rektoren trur at det i framtida vil verte enda meir etterutdanning på nett, fordi mange har problem med å ta seg fri frå jobb for å studere.
Han trur òg at det vil verte meir samarbeid mellom institusjonane. Dei mindre lærarutdanningane på Vestlandet – Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Lærerakademi – har allereie samarbeidd om direktesendte førelesningar i fleire emne, der studentgruppene på kvar stad er relativt små.