NRK greidde ikkje nynorskkravet på radio og nett

Totalt var 25,1 prosent av innhaldet til NRK på nynorsk i 2022.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At over 25 prosent av innhaldet til NRK totalt sett er på nynorsk er sjølvsagt bra, men det er ikkje godt nok, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen i ei pressemelding.

25 prosent av innhaldet til NRK skal vere på nynorsk, eit krav som ifølgje Medietilsynet må vere oppfylt for kvar enkelt plattform.

I 2022 var det berre på TV at NRK hadde ein nynorskdel på meir enn 25 prosent. 27,2 prosent av innhaldet var på nynorsk.

NRK publiserte tala 9. februar 2023, etter at Framtida.no kontakta NRK for å få tilgang på tala.

Bakpå på nett

På radio var 22,7 prosent på nynorsk, medan nynorskdelen på nett var på 20,9 prosent.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen. FOTO: OLE KALAND / NRK

– Nynorskoppdraget er ein viktig del av kringkastaroppdraget vårt og vi jobbar no iherdig for at 25 prosent av det vi produserer på kvar av dei tre ulike plattformene, TV, nett og mobil, skal vere på nynorsk, understrekar kringkastingssjefen.

Sjølv om nynorskdelen på nett framleis er eit stykke unna å nå 25 prosent, var det i fjor ein oppgang samanlikna med 2021, då det var 19 prosent nynorsk og 2020 med 17 prosent nynorsk.

Mållaget: Nett bør vere hovudprioritet

– Det er gledeleg at NRK har klart å nå kravet totalt, det skulle for så vidt berre mangle, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.

– Vi veit jo at det ikkje alltid har vore tilfelle, så det er kjekt at dei har kome opp på eit nivå som forhåpentlegvis er den nye normalen, held han fram.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

Hauge forventar at NRK held fram arbeidet med å auke nynorskbruken, og understrekar at 25 prosent nynorsk bør vere eit minstekrav.

– Frå Mållaget si side har vi store forventingar om at bruken aukar totalt godt over 25 prosent, og ikkje minst at dei klarer det på nett.

Å auke delen nynorsk på nett bør vere hovudprioriteten til NRK for året.

– Det er kjempeviktig, fordi nrk.no er ei så viktig kjelde for nyheiter for så mange nordmenn, seier han, og legg til at auken frå i fjor viser at NRK er opptekne av og ønskjer å få opp prosenten.

NRK: Jobbar strategisk

I 2021, hadde NRK for andre gong i historia totalt 25 prosent nynorsk. Den første gongen var i 2019. I 2020 var dei derimot nede på 24,2 prosent.

I Allmennkringkastingsrapporten om NRK for 2021 etterlyste Medietilsynet meir systematiske tiltak for å nå nynorskkravet.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen fortel at dei jobbar strategisk for å auke nynorskprosenten på alle plattformene.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen. FOTO: OLE KALAND/NRK / NRK

– I løpet av dei siste åra har vi sett i gang fleire konkrete tiltak for å auke bruken av nynorsk i NRK. To av desse tiltaka er auka bruk av språkteknologi og rekruttering av fleire nynorskbrukarar. Spesielt viktig har det vore å auke bruken av nynorsk på NRK.no, noko vi no er nøgde med å sjå effekten av.

Ikkje oversikt over sosiale medium

I tillegg til å ha innhald på TV, radio og nrk.no, legg NRK ut innhald på Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok.

Framtida.no har spurt NRK om kor stor del av innhaldet på NRK sine sosiale medium-plattformer som er på nynorsk.

Analysesjef Kristian Tolonen opplyser at NRK ikkje har tilgang den type data frå andre medieselskap og aktørar.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen utdjupar at retningslinjene for deling i sosiale medium, er at språk følgjer sak.

– Så når ei sak er skriven på nynorsk og «blir til» ei Snapchat-historie, så er Snapchat-historia også på nynorsk. Når vi deler på Facebook, deler vi nynorsktekst for nynorsksak og liknande, svarar ho i ein e-post til Framtida.no.

Til venstre er den einaste Snapchat-historia Framtida.no kunne finna på nynorsk hjå NRK 9. februar 2023. Til høgre er ei oversikt over nokre av NRK sine siste Instagram-postar. Skjermdump: NRK

Mållagsleiaren peikar på at det er viktig med nynorsk i sosiale medium, ikkje minst for å nå unge språkbrukarar.

– Dei brukar mykje meir tid på sosiale medium enn på å sjå Dagsrevyen, for å seie det forsiktig. Så det håpar eg at dei lukkast med, seier Peder Lofnes Hauge.


Amanda Frøseth Hindenes skriv om å vere nynorskbrukar. Foto: Privat

Nynorsk i NRK

  • NRK1: 23,5 %
  • NRK2: 31,7 %
  • NRK3: 28,4 %
  • NRK Super: 26,9 %
  • NRK P1: 29,7 %
  • NRK P2: 20,2 %
  • NRK P3: 19,6 %
  • NRK.no: 20,9 %
  • NRK samla: 25,1 %