SSB: Distriktsungdom startar seinare i høgare utdanning

Jo mindre sentralt du bur, desto seinare kjem du i gang med universitets- eller høgskuleutdanning. Berre 42 prosent av studentane kom rett frå vidaregåande.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er store forskjellar på distriktsungdom og meir urbant forankra studentar. Det viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Snittalderen blant alle førstegongsregistrerte studentar hausten 2021 var 22 år.

Snittstudenten i Noreg byrjar dermed i universitets- og høgskuleutdanning tre år etter fullført vidaregåande opplæring, om ein følgjer normalt skuleløp. Nokon tek eit friår, andre vel folkehøgskule, militæret eller anna før dei startar høgare utdanning.

Fleire yrkesfagleg

Snittalderen på førstegongsstudentane aukar desto mindre sentrale studentane er oppvaksne. Dei som bur i dei mest grisgrendte områda, er i snitt 23 år, medan dei mest sentralt oppvaksne er 21 år når dei byrjar på høgare utdanning.

Ungdommen vel også annleis tidlegare i skuletida: I sentrale område vel 70 prosent av elevane eit studieførebuande løp i Vg1.

I distrikta er det omvendt: 7 av 10 vel yrkesfaglege løp i Vg1. Dermed er ein større del elevar frå sentrale stader klare for universitets- og høgskuleutdanning etter enda vidaregåande.

Tilgjengelegheit kan ha mykje å seie for valet etter vidaregåande. Medan nokon har utdanningstilbod tilgjengeleg i nærområdet, vil det for andre vere nødvendig å flytte for å kunne studere det ein ønskjer.

Kjønnsforskjell

I 2021 var det 19.400 elevar som hadde direkte overgang frå vidaregåande. Det utgjorde 42,3 prosent av dei som oppnådde studiekompetanse det året.

Dei siste 20 åra har kjønnsfordelinga i universitets- og høgskuleutdanning lege stabilt på 60 prosent kvinner og 40 prosent menn. Derfor overraskar det ikkje at det er ein noko lågare del menn som byrjar i universitets- og høgskuleutdanning.


Amalie Fure (18) fotografert på verandaen heime i Selje. Foto: Privat