Japan betalar innbyggjarar for å flytte til bygda
Japanske myndigheiter vil ha fleire til å flytte frå Tokyo og ut i distrikta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den japanske hovudstaden Tokyo har fått over tre gonger så mange innbyggjarar sidan 1950 og tel i dag over 36 millionar menneske.
No vil myndigheitene hjelpe på fråflyttinga i distrikta i Japan med å tilby par som flyttar frå Tokyo éin million yen, noko som er i overkant av 76 000 norske kroner. I tillegg får dei 300 000 yen per barn, nesten 23 000 norske kroner.
Det melder CNN og fleire andre internasjonale medium.
1184 hushald flytta i 2021
Einslege som har budd i Tokyo i meir enn fem år, får 600 000 yen om dei flyttar frå byen. Det er i overkant av 45 000 norske kroner.
– Tokyo er veldig tett befolka og myndigheitene vil auke straumen av folk til regionane for å revitalisera område med nedgang i befolkningstalet, seier ein talsperson ifølgje CNN.
Programmet vart først lasert i 2019, og lokka 71 hushald ut av Tokyo. Seinare har programmet blitt utvida og i 2021 melde 1184 hushald flytting.