Care: – I skuggen av Ukraina gløymer vi Afrikas kriser

I år er berre afrikanske land på hjelpeorganisasjonen Cares liste over dei ti humanitære krisene vi høyrer minst om. Ho blir toppa av Angola, som har tørke.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaj-Martin Georgsen, generalsekretær i CARE Norge. Foto: CARE Norge

– Vi risikerer at vi ikkje får med oss kva som skjer i dei landa som no blir hardt ramma av klimakrise og auka matvareprisar. Det kan gi oss ubehagelege overraskingar, seier generalsekretær Kaj-Martin Georgsen i Care Noreg.

Organisasjonen har laga oversikta i samarbeid med medieovervakingsbyrået Meltwater.

Dei minst omtalte

5,8 millionar nettartiklar er gjennomgått, og det er utarbeidd ein rapport som tek for seg dei ti mest neglisjerte krisene i 2022.

Angola toppar lista med 1.847 artiklar, etterfølgd av Malawi med 2.330 artiklar og dernest Den sentralafrikanske republikken med 3.711 artiklar.

Sahel-området i Vest-Afrika kjem også høgt opp, med mellom anna Mali, Tsjad og Niger.

– For kvart år som går, blir situasjonen forverra i Sahel. Klimakrise og konflikt gjer at stadig fleire menneske må flykte frå heimane sine. Avlingar sviktar, og mange barn kjem ikkje på skulen på grunn av tryggingssituasjonen, seier Georgsen.

Ukraina med i fjor

– I rapporten i fjor var Ukraina med. Det var ei krise under oppsegling som vi no høyrer om dagleg. Ukraina er eit døme på korleis det vi i dag ignorerer, i morgon kan påverke oss nordmenn direkte, legg generalsekretæren til.

Ein FN-rapport viser at 339 millionar menneske vil ha behov for nødhjelp i år, eit tal som har stige med 44 prosent på to år.

– Den eksplosjonsarta auken i behov for hjelp gir oss som er rike ei ekstra forplikting. Vi må både gi nødhjelp og langsiktig utviklingshjelp, slik at vi kan få menneske ut av fattigdom og redusere nødhjelpsbehovet, seier Georgsen.

– Hjelpebehovet aukar

Samtidig med auka behov i Ukraina merkar Care at hjelpebehovet aukar i andre land, som følgje av krigen i Europa.

– For nokre veker sidan var eg i Burundi, som er ein gjengangar på lista over gløymde kriser. Der blir alle varer dyrare, samtidig som klimaendringane gjer avlingar meir usikre. Det er vanskeleg å seie til menneska der at vi har mindre moglegheit for å hjelpe på grunn av situasjonen i Ukraina, seier generalsekretær Georgsen.

Han meiner det ikkje berre er krisene på topplista over gløymde kriser som ikkje får nok merksemd i media, men at også andre humanitære kriser ofte hamnar i skuggen av meir klikkvennlege artiklar.

Det er for lite dyrkbar jord fordelt på talet på menneske i Burundi. Foto Milda Nordbø Rosenberg

– Avhengig av mediedekning

– Humanitære kriser, også utanfor Afrika, lid av underrapportering og manglar mediedekning samanlikna med innanrikspolitikk, kjendisnyheiter, agurknytt og andre klikkvinnarar, seier Care-topp Georgsen og held fram:

– Befolkninga i dei kriseramma landa er avhengige av at vi vier krisene merksemd, fordi manglande mediedekning og offentleg bevisstgjering gjer at krisene får mindre økonomisk hjelp og politisk merksemd.

Han meiner at Noreg har eit ansvar for å skape auka forståing for dei gløymde krisene.

– Noreg har ei viktig stemme og ei forplikting til å løfte fram desse gløymde krisene. Den manglande dekninga har direkte påverknad på liva til menneska som er ramma, og derfor må Noreg sørgje for å sikre at verda ikkje gløymer dei kriseramma områda og menneska som bur der, seier Kaj-Martin Georgsen.

Vinter-OL og Musk

Dei ti krisene på Cares liste vart omtalte i til saman 66.723 artiklar i fjor.

Til samanlikning vart det publisert 285.580 artiklar om vinter-OL i Kina og 248.132 artiklar om Elon Musks planar om å kjøpe Twitter, påpeikar organisasjonen.

Dette er dei ti mest gløymde krisene:

1: Angola, som er inne i si verste tørke på 40 år.

2: Malawi, der 5,4 millionar menneske ikkje har tilgang til nok mat.

3: Den sentralafrikanske republikk, der 3,1 millionar menneske treng humanitær bistand.

4: Zambia, der gjennomsnittsalderen er 16,9 år og over halve befolkninga lever på under 1,90 dollar om dagen.

5: Tsjad, der 1,7 millionar barn lir av akutt underernæring.

6: Burundi, der over halvparten av barna under fem år lir av underernæring.

7: Zimbabwe, der sju millionar menneske treng humanitær bistand.

8: Mali, der over 3,9 millionar barn treng humanitær bistand.

9: Kamerun, der meir enn 3.000 skular har stengt som følgje av den humanitære krisa i landet.

10: Niger, der over 4,4 millionar menneske lir av akutt matusikkerheit.


Kaffibønder rundt om i verda dyrkar og haustar kaffien nordmenn ikkje klarar seg utan. I Burundi kjempar kaffibønder mot korrupsjon og naturkreftene.

Sortering av kaffibær. Foto: Milda Nordbø Rosenberg