Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn er i verdstoppen når det kjem til kaffidrikking. Ifølgje SSB importerer vi årleg 40.000 tonn kaffi, noko som gjer oss til den nest mest kaffitørste befolkninga i verda.

Mesteparten av den norske kaffien kjem frå Brasil og Colombia, men visste du at 25 millionar småbønder står for 70-80 prosent av verdas kaffiproduksjon?

Saman med te, sukker, bananar og kakao, toppar kaffi lista over råvarer der det er «svært høg risiko» for menneskerettsbrot ved dyrking og plukking av råvarene.

Kaffien vår kjem frå kaffibær som veks på tre. Det tar mellom to og fire år før kaffitre byrjar å produsere kaffibær. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Viktig eksportvare

Verdas kaffiproduksjon skjer hovudsakleg i utviklingsland, medan konsumentane bur og drikk kaffi i industraliserte land.

Brasil, Vietnam og Colombia eksporterte mest kaffi i 2019, medan det overbefolka afrikanske jorbrukslandet Burundi kjem på 31. plass over verdas kaffinasjonar.

Når kaffibæra er modne, blir dei handplukka. Men ikkje alle kaffibæra er modne samtidig. På biletet ser du både raude bær som er klare til å bli hausta, og grøne, umodne bær. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Milda Nordbø Rosenberg forskar på samspelet mellom natur og menneske, klimaendringar med fokus på vellukka klimatilpassing, verdikjeda til spesialkaffe, betydinga av samarbeid for store og små samfunnsendringar og utviklinga i Afrika. Pressefoto: Universitetet i Oslo

– Burundi kan lage fantastisk god kaffi, som kan selje for mykje meir, men det blir berre blanda og seld som billig kaffi, seier Milda Nordbø Rosenberg, som har studert kaffiproduksjonen i Burundi.

Kaffi er den viktigaste eksportvara i Burundi, og står for rundt halvparten av eksportinntektene i landet, som er eit av dei fattigaste i verda. Frå hovudstaden Bujumbura blir kaffien skipa ut med båt, og kan seinare ende opp hjå din lokale kaffihandlar.

Mesteparten av kaffien som blir importert til Noreg er råkaffi, eller grøne bønner, og om lag 72 prosent av kaffien blir brent her, ifølgje Norsk kaffeinformasjon.

Opplysningskontoret for kaffi skriv at Noreg i 2019 importerte 6 463 kilo råkaffi frå Burundi. Det er eit stykke unna tala for Brasil, der vi importerte over 15 millionar kilo råkaffi frå.

Sortering av kaffibær. Dei raude, modne er dei ein vil ha, medan dei grøne, umodne og dei brune, tørre må bort. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Ekstremt sårbart

Då Milda Nordbø Rosenberg reiste på feltarbeid til Burundi i 2017, hadde ho eigentleg tenkt å studere kaffiproduksjonen i lys av klimaendringane, då han er svært utsett for desse. Frå før av er landet råka av tilbakevendande tørke og flaum.

Men, ho enda med å studere kva det er som gjer at menneske klarar å tilpasse seg drastiske endringsprosessar, uansett om det er klimaendringar eller andre ting i samfunnet, som store omveltingar. Endringsvilja, rett og slett.

– Kaffibønder i Burundi lever under fattigdomsgrensa. Dei lever av jorda si. Så når regnet endrar seg eller det kjem jordskred på grunn av for mykje regn, eller flaum, så forsvinn alt – både levebrødet i form av inntekt og kaffiavlingar, men også alt det dei et. Så det er ekstremt sårbart, fortel ho på telefon til Framtida.no. 

Inni kaffibæra ligg det ein kjerne som består av ei eller to kaffibønner. Kjelde: Kaffegeek. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Kaffi og korrupsjon

Men det var ikkje berre naturen som skapte utfordringar for kaffibøndene. Rosenberg oppdaga raskt at korrupsjon var eit stort problem der ho var, og skildrar det som om styresmaktene set kjeppar i hjula for bøndene.

– Det var veldig mange som blei lurt. Du haustar kaffi éin gong i året, og du får betalt éin gong i året. Kaffibøndene fortalde at når dei leverer til sine faste stasjonar, så leverer dei 10 kilo, men det er 8 kilo som blir registrert.

– Denne 20 prosent reduksjonen i kva dei leverte var veldig konsekvent i fleire område. Det verkar som om det var ein strategi som blei brukt. Så dei følte seg lurte, dei var uresepekterte, legg ho til.

Ferske kaffibønner hausta og foredla i Burundi. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Ho seier at det nesten er slik at ho ikkje kan bli sitert på denne informasjonen, for så farleg kan det vere. Framtida.no kjenner identiteten til kaffiselskapet ho var hos, men nett som i forskinga til Rosenberg, anonymiserer vi dei på grunn av sikkerheita deira.

Samarbeid er nøkkelen

Men, det finst håp. Kaffiselskapet Rosenberg forska på, dreiv verksemda si på ein annleis måte.

Dei hadde opna to vaskestasjonar som ikkje juksa, og samarbeidde med bøndene. Dei ville at kaffibøndene også skulle tene pengar, og driv på grunnleggjande verdiar som respekt og verdigheit for alle menneske og for naturen. Kaffi var ei plattform for mykje anna:

– Og det er fantastisk å sjå kva som skjer når folk byrjar å føle ei slags meistring og at nokon har brydd seg om dei som menneske. Sjølv om vaskestasjonen brenn ned, og desse menneska som starta det må dra, kjem dette aldri til å forsvinne, fortel Rosenberg, og legg til:

– Men det er beintøft, for dei møtte så mykje motstand frå regjeringa, som heile tida prøvar å leggje dei ned fordi dei gjer det så bra.

Milda Nordbø Rosenberg studerte livet til kaffibønder i Burundi og omstillingsevna deira. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Så det finst gode initiativ, og det er lite som skal til for at situasjonen i Burundi skal bli betre enn han er no.

Men Rosenberg minner om at det likevel er vanskeleg, fordi alt heng så tett saman. Burundi er fanga i det ho kallar ei konfliktfelle, der underutvikling og konflikt forsterkar kvarandre. Ho viser til at det allereie er svært mykje bistand i Burundi, og framleis er landet så underutvikla.

Ho trur difor samarbeid med burundiarane, ikkje berre hjelp, er nøkkelen til å skape endring. 

Ferdig kaffi. Foto: Milda Nordbø Rosenberg


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no. 

Ada Olive Mutoni (24) og Mireille Françoise Niyomwungere (25) har begge opplevd følgjene av borgarkrig, flaum og korona. Foto: Ines Ininahazwe/CARE

Burundi

  • Hovudstad: Bujumbura
  • Styreform: Republikk
  • Etniske grupper: Hutu 85%, Tutsi 14%, Twa 1%
  • Språk: Kirundi (offisielt), fransk (offisielt), engelsk (offisielt), swahili
  • Religion: Romersk-katolske 62.1%, protestantar 23.9%, muslimar 2.5%, andre 11,5% (2008)
  • Innbyggjartal: 11 900 000 (2020)
  • Areal: 27 830 km2
Kjelde: FN-sambandet