Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Før denne katastrofen budde vi i vårt eige hus. Eg hadde starta ei verksemd med pengane eg hadde tent då eg jobba som murarhjelp på byggjeplassar, og eg byrja å selge amarant, før eg gjekk over til meir avansert handel.

Det fortel 24 år gamle Ada Olive Mutoni, som bur i Gatumba i Burundi på epost til Framtida.no.

Ho har svart på spørsmåla Framtida.no har sendt ho via hjelpeorganisasjonen Care.

Flaumen som endra alt

Katastrofen Mutoni viser til, er flaumen som tok huset og levebrødet hennar.

I Burundi, som ligg på det afrikanske høgplatået og er ein del av Riftdalen, er flaum og tørke eit tilbakevendande problem. Hjelpearbeidarar i Care i Burundi opplyser til Framtida.no at flaumen i området Mutoni bur i starta i fjor, og at hus og jorder vart øydelagde.

Mange familiar har måtta forlate heimane sine og bur i leirar der forholda er svært prekære: det er hungersnaud, sjukdom, og dei har mista alt dei eig.

Mutoni forklarar at ho budde i eit lite hus saman med sine tre yngre søsken i enden av Gaharawe-kvartalet, som er eit av områda som er hardast råka av flaum. No er ikkje huset meir:

– Flaumen omvelta livet mitt. Huset vårt blei overfløymt, og vi måtte flytte. Felta der eg fann varer å selje blei overfløymde. No synest eg det er vanskeleg å finne varer, og å finne stadar å selje dei. Det er ikkje lenger mogleg å selje det vi har.

Ada Olive Mutoni har mista huset sitt i flaum. No bur ho i eit hus leigd av staten. Ho jobbar med å selje varer, men både flaum og koronapandemien gjer det vanskelegare for ho å kunne leve av det. Foto: Ines Ininahazwe/CARE

Ada Olive Mutoni er eldst i familien, og tar seg av søskena etter at faren døydde og mor deira forlet dei då ho ikkje lenger klarte å brødfø familien. Ho har gått ni år på skule, men måtte slutte då mora drog. På grunn av flaumane og matvarer som har blitt sjeldne og dyre, har pengebehaldninga hennar krympa kraftig.

– Før kunne eg gi familien min to eller tre måltid om dagen. No, viss eg klarar å skaffe litt pengar til å gi dei mat minst éin gong om dagen, lovprisar eg himmelen. 

– Å sjå at det går mot slutten av dagen utan at eg har selt tomatane mine for å brødfø dei andre bekymrar meg. Å sjå at det nærmar seg skulestart utan at eg enda har nok midlar til å betale bekymrar meg enda meir. Å ikkje leve under vårt eige tak og å ikkje vite kva tid vi kan returnere gir meg mørke tankar, legg ho til.

Fattigdom og overbefolking

Burundi er eit av dei fattigaste landa i verda, og landet er rangert som nummer 185 av 189 land på FN sin Human Development Index over menneskeleg utvikling. Ifølgje Verdens matvareprogram er Burundi det landet i verda som har størst feilernæring.

Burundi er eit lite og svært tettbefolka land i Sentral-Afrika. Foto: Wikipedia

I tillegg er Burundi er eit av dei tettast befolka landa i Afrika. 11,9 millionar menneske er fordelt på 27 830 kvadratkilometer.

– Det er alltid folk der, sjølv om det er på landsbygda. Sjå for deg om lag 12 millionar menneske på eit område som så vidt er større enn Viken fylke i Noreg!

Det seier Milda Nordbø Rosenberg ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo på telefon til Framtida.no.

Ho har studert utvikling, og har vore på feltarbeid i Burundi, der ho forska på kaffiproduksjonen, som er Burundi si primære eksportvare.

Milda Nordbø Rosenberg forskar på samspelet mellom natur og menneske, klimaendringar med fokus på vellukka klimatilpassing, verdikjeda til spesialkaffe, betydinga av samarbeid for store og små samfunnsendringar og utviklinga i Afrika. Pressefoto: Universitetet i Oslo

Ho skildrar folketettleiken i landet slik:

– Tenk å vere ein rural stad i fjellet, men at du aldri ikkje ser menneske. Det er alltid masse folk rundt deg! Det finst ikkje plass. Det er som ein by, berre av åkrar og jordhytter overalt. Det finst ikkje øydemark i det heile tatt.

Dårlege avlingar

Og mangel på øydemark er eit problem. Burundi er eit jordbruksland, og sju av ti burundiarar arbeider med matproduksjon. Som eit ressursfattig og underutvikla land er økonomien i Burundi hovudsakleg basert på jordbruk, og over 90 prosent av befolkinga er avhengige av jordbruk for å leve, ifølgje Verdas matprogram.

Men forholda for å drive med jordbruk er langt ifrå optimale.

Store delar av landet ligg mellom 1500 og 2000 meter over havet, og med den høge folketettleiken er det for lite dyrkbar jord fordelt på talet på menneske.

Jorderosjon og avskoging er ei utfordring i Republikken Burundi, som ligg på det afrikanske høgplatået. Her er Gitwe Hill vest i landet. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Overbeite, hogging av skog og utarming av jord har ført til at mykje av plantane og vekstane i landet har forsvunne, og mesteparten av landskapet er i dag menneskeskapt savanne. I tillegg er det lite utbygd infrastruktur i landet.

– Den største utfordringa er ei blanding av aukande grad av naturkatastrofar, og mindre og mindre opparbeidd buffer, fordi det skjer så ofte at bufferen aldri blir opparbeidd att. Folk har ikkje noko å gå på, fortel Rosenberg.

Jordbrukssamfunnet Burundi, som altså allereie er på bristepunktet på grunn av avskoging og dårleg jordsmonn, er ekstra sårbart for naturkreftene. Flaum og tørke øydelegg avlingar, jordbruksareal og infrastruktur, og kan skape akutte matvarekriser for befolkninga.

I dag er mesteparten av Burundi menneskeskapt savanne. Tilbakevendande tørke og flaum gjer det vanskeleg å dyrke jorda. Biletet er tatt i Nkonge. Foto: Milda Nordbø Rosenberg

Kampen for tilværet

– Flaum har endra mange ting i livet mitt. Felta der vi sanka frukt blei øydelagde av flaumen. Som eit resultat har varene blitt for dyre, og litt utilgjengelege for dei som har lite pengar, fortel 25 år gamle Mireille Françoise Niyomwungere på epost til Framtida.no. Ho har svart på fransk via Care.

Også ho bur i Gatumba, som ligg på grensa til Den demokratiske republikken Kongo, og har fått oppleve konsekvensane av naturkreftene.

Niyomwungere seier at ho hadde flaks som ikkje fekk huset øydelagt, men synest livet likevel har blitt betydeleg vanskelegare etter flaumen:

– Før katastrofen selde eg frukt og grønsaker i Kongo i helgane og på dagar vi ikkje hadde førelesing. Eg fekk startkapital frå arbeid eg gjorde då eg venta på å byrje på universitetet. Eg kjøpte desse produkta billegare, fann dei beste på feltet, for å så selje dei. Eg tente ganske bra til å hjelpe besteforeldra mine med å ta seg av familien og til å betale for ein del av studia mine.

Mireille Françoise Niyomwungere framføre huset sitt. Noko av det ho er mest uroa for er at huset skal bli overfløymt av dei tilbakevendande flaumane i Burundi. Foto: Ines Ininahazwe/CARE

Niyomwungere bur saman med besteforeldra, småsøsken og andre barn. Før tente ho nok til å bidra i huset og til å betale for sine eigne behov, som studia, men no må ho bli tatt vare på som dei andre barna i huset.

– Eg har ikkje eingong pengar til å drive ein liten handel her hos oss. Eg har brukt sparepengane mine på behova til familien. Ein velgjerar betalar undervisinga for meg, fortel Mireille Françoise Niyomwungere, som går tredje året på universitetet.

Ho avslører at det ho er mest uroa for, er å sjå at huset hennar blir overfløymt.

– Og at bestefaren min skal døy før eg kan forsørge familien min, for no har han hatt eit hjerneslag. Han har ikkje lenger krefter til å jobbe som før, han er svakare, legg ho til.

Covid-19 forverrar situasjonen

For både Ada Olive Mutoni og Mireille Françoise Niyomwungere har stengde grenser som følgje av koronapandemien gjort kvardagen vanskelegare. Mange burundiske kvinner dreiv med handel over landegrensene, og miste inntektskjeldene sine då dette brått blei stoppa.

Før presidenten i landet, Pierre Nkurunziza, gjekk av og døydde i 2020, blei han kritisert for å ikkje ta koronapandemien på alvor.

Han sa til folket at «Gud har rensa lufta over Burundi», og lét vere å innføre omfattande koronatiltak. Men etter at han døydde i juni i fjor har dei offisielle smittetala auka, og arvtakaren hans, Evariste Ndayishimiye, har erklært covid-19 «Burundi sin hovudfiende», skriv Aftenposten.

I januar stengde landet grensene for andre gong for å hindre spreiinga av viruset.

– Eg har blitt berørt av tiltaka som er sett i verk for å bekjempe covid 19-pandemien, mellom anna stenginga av grensene. Då eg drog dit for å selje frukta og grønsakene mine, hadde eg stor forteneste. Eg blei betalt med utanlandsk valuta, og eg tente det doble. Produkta mine selde betre i Kongo enn her, og valutakursen var høgare enn vår lokale valuta, fortel Mireille Françoise Niyomwungere.

Niyomwungere håpar ho framleis vil ha tak over hovudet, og vonar ho om eitt år er ferdig med studia og har starta i ein jobb som gir ho pengar til å hjelpe besteforeldra sine.

Ada Olive Mutoni vonar òg at ho etter kvart vil ha skaffa seg litt meir pengar til å hjelpe søskena sine, men som for Niyomwungere, gjer pandemien det ekstra vanskeleg no.

– Stenginga av grensene på grunn av covid-19 har dramatisk endra livet til meg og familien min. Eg driv ikkje med handel over grensa lenger, og tener ikkje pengar som før. Eg sel tomatar no, som eg synest er vanskeleg å finne, og sel dei for mindre enn før. Eg har ikkje noko overskot slik som før, fortel Mutoni.

Det er for lite dyrkbar jord fordelt på talet på menneske i Burundi. Foto Milda Nordbø Rosenberg

Måtte flykte landet

I tillegg til at burundiarane er svært utsette for flaum, tørke og matmangel, har landet i moderne tid opplevd mykje uro, som igjen påverkar samfunn, politikk og økonomi. Noko av grunnen til den ekstreme fattigdommen i landet, er borgarkrigen på 1990-talet og den politiske og sosiale uroa, ifølgje FN-sambandet.

Som nabolandet Rwanda, har uro mellom dei to største folkegruppene hutu og tutsi ført til borgarkrig og massakrar. Burundi var prega av borgarkrig frå 1993 til 2005, og mange burundiarar måtte flykte til nabolanda.

Rundt 700.000 flykta til Tanzania på grunn av borgarkrigen. Familien til Ada Olive Mutoni er blant dei.

– Eg er fødd i ein flyktningsleir, i 1997, i Mutabira i Tanzania. Forholda der var ikkje spesielt gode. Vi hadde ikkje fridom til å bevege oss fritt, då det var vanskeleg for oss å skaffe papir til å bevege oss rundt. Vi hadde mat berekna på så mange dagar. Viss det blei tomt før avtalt dato, måtte du vente, sjølv om du svalt. Skulane måtte stengast med makt for å tvinge oss til å returnere til Burundi. Vi kom tilbake i 2012, fortel ho. 

Ada Olive Mutoni bur i Gatumba i Burundi. Ho er fødd i ein flyktningleir i nabolandet Tanzania. Foto: Ines Ininahazwe/CARE

Ho drøymer om å bidra til å betre levekåra til kvinner og barn, ønsker å sjå landet meir utvikla enn det er i dag, at det er mange fleire kvinnelege entreprenørar og ikkje så mange som er arbeidslause, og som ikkje klarar å leve ordentleg.

– Om eitt år, viss eg har veldig flaks, vil eg gjerne ha ein fast stad å drive foretningane mine, og dimed ikkje lenger ha problem med å betale for dei som er avhengige av meg. Om ti år, ser eg meg sjølv bu i eit hus som ikkje er leigd av staten, men som eg har bygd med mine midlar, og å kunne gi dei alt dei har behov for. Eg ser meg også som ei viktig forretningskvinne, som kan hjelpe andre menneske i naud, spesielt dei som har vore igjennom det same som meg.

Også Mireille Françoise Niyomwungere er fødd i ein flyktningleir i utlandet. Ho er fødd i ein leir i Uvira i Den demokratiske republikken Kongo under borgarkrigen i 1996, og fortel at familien reiste tilbake til Burundi i 2006.

– Eg drog derfrå då eg var 10 år, då vi returnerte til Burundi. Minna eg har derfrå er tristheit og manglar. 

Mireille Françoise Niyomwungere på gardsplassen der ho bur i Gatumba i Burundi. Foto: Ines Ininahazwe/CARE

Niyomwungere håpar at landet hennar aldri meir vil gjennomgå krigar som sender barna bort frå heimane sine for å leve elendige liv:

– Eg drøymer om å leve eit betre liv enn det eg har i dag. Eg drøymer om å sjå meg sjølv bidra til utviklinga av landet, spesielt til å kunne hjelpe barn som går igjennom dei same vanskane som eg har.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no. 

Marta Mahumane (25) studerer biologi i Maputo, hovudstaden i Mosambik. Foto: Privat

Burundi

  • Hovudstad: Bujumbura
  • Styreform: Republikk
  • Etniske grupper: Hutu 85%, Tutsi 14%, Twa 1%
  • Språk: Kirundi (offisielt), fransk (offisielt), engelsk (offisielt), swahili
  • Religion: Romersk-katolske 62.1%, protestantar 23.9%, muslimar 2.5%, andre 11,5% (2008)
  • Innbyggjartal: 11 900 000 (2020)
  • Areal: 27 830 km2

Kjelde: FN-sambandet