Den sentralafrikanske republikk vert kalla ein mislukka stat, men kvifor er situasjonen så ille?

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Morten Bøås er seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI). Foto: Christopher Olssøn

– Den sentralafrikanske republikk er ei gløymd krise og ein gløymd konflikt, ettersom landet ikkje er av større geopolitisk verdi.

Det seier Morten Bøås, seniorforskar ved NUPI på telefon til Framtida.no.

Den sentralafrikanske republikk var ein fransk koloni frå slutten av 1800-talet fram til 1960, og har sidan frigjeringa vore politisk ustabil.

Bøås meiner landet er ei spesielt trist historie.

Seniorforskaren meiner at ein kan sjå ei klar linje frå korleis Den sentralafrikanske republikk vart drifta som fransk koloni fram til konfliktane landet står ovanfor i dag.

Internasjonale menneskerettar blir ikkje respekterte

Tristan Le Lonquer er operasjonsleiar for Leger uten grenser i Den sentralafrikanske republikk. Foto: Privat

– Krisa som blussa opp att ved valprosessen i desember, har hatt ein enorm påverknad på folk sine liv, seier Tristan Le Lonquer, operasjonsleiar for Leger uten grenser i Den sentralafrikanske republikk.

Le Lonquer fortel at situasjonen er særs alvorleg. I løpet av dei tre siste månadane har over 120 000 flykta landet, og talet på internt fordrivne har auka kraftig.

Aukinga av konfliktnivået har kome med store utfordringar, spesielt når det kjem til tilgang på helsetenester.

– Vi ser sivil liding gong etter gong, samstundes som ambulansar og sjukehus blir kapra, og helsepersonell blir trakassert. Internasjonale menneskerettar blir ikkje respekterte av dei ulike ikkje-statlege væpna gruppene, noko som set tryggleiken til pasientane våre, og oss sjølve, i fare.

Christelle og dottera Alvina fotografert på ein skule i Kongo, der dei måtte søkja tilflukt etter at heimbyen hennar Bangassou vart angripen av væpna grupper 3. januar 2021. Foto: © Alexis Huguet, Leger uten grenser

Brutalt presidentstyre

Frå brutalt kolonistyre, gjekk Den sentralafrikanske republikk inn i ei tid med brutalt presidentstyre under Jean-Bédal Bokassa. I perioden han regjerte (1965-1979), vart det gjennomført ei rekke statskupp av militære leiarar som hadde fått si opplæring av det franske koloniregimet.

– Utvikling av infrastruktur slutta med Bokassa, dei komande leiarane av staten var ikkje like galne, men hadde ikkje interesse av å utvikle noko form for infrastruktur.

Dei komande leiarane prøvde å halde landet så fragmentert som mogleg for at det skulle vere vanskeleg å kome seg til hovudstaden Bangui med mykje våpen, og på den måten utfordre makta deira.

Tidlegare president i Den sentralafrikanske republikk François Bozizé Foto: UNDP

Geriljaleiar tok makta

I 2003 tok geriljaleiar, og tidlegare forsvarssjef, François Bozizé makta i Den sentralafrikanske republikk. Bozizé vart valt som president i 2005, og igjen i 2011. Etter Bozizé sitt gjenval vaks det fram ei sterk misnøye i landet. Presidenten vart blant anna skulda for å favorisere si eiga etniske gruppe.

Denne misnøya førte til danninga av ei gruppe opprørsgrupper i 2012 som går under namnet Séléka. Séléka tok raskt kontroll over område i nord, og sentrum av landet, mellom anna hovudstaden Bangui.

Michel Djotodia, tidlegare leiar av Séléka. Foto: VOA Afrique

Leiaren av Séléka, Michel Djotodia, utropte seg sjølv til president under statskuppet i 2013, og Bozizé flykta til Benin der han fekk politisk asyl.

Dette var den utløysande faktoren for oppblussinga av den borgarkrigen landet framleis står i den dag i dag.

Ikkje berre ei religiøs konflikt

Séléka bestod i hovudsak av muslimar, som er ein religiøs minoritet i Den sentralafrikanske republikk. Etter at dei gjennomførte statskuppet i 2013, vaks det fram ei sterk misnøye blant delar av landet si kristne befolkning. Desse danna sin eigen koalisjon av militsgrupper, som vart kalla Anti-Balaka. Danninga av Anti-Balaka kan dermed sjåast som eit motsvar på Séléka si utøving av vald og statskupp.

Borgarkrigen i Den sentralafrikanske republikk vert ofte omtala som ein religiøs konflikt, men dette blir ei veldig forenkla forklaring på konfliktbiletet.

Konflikten mellom religiøse grupper, vart eit resultat av andre former for misnøye som låg til grunn for danning av militsgruppene. Blant desse hovudfaktorane finn vi fattigdom, stor ulikskap mellom fattig og rik, og dårleg styresett.

Rekna som ein mislukka stat

Den sentralafrikanske republikk blir i dag rekna som ein mislukka stat. Dette vil seie at den statlege makta i landet ikkje har reell makt over folket og området dei regjerer over, og at dei ikkje har kontroll over grensene sine. Rundt 80 prosent av landet er styrt av militsgrupper, og landegrensene blir skildra som porøse, noko som gjer det lett for andre land og aktørar å blande seg i konflikten.

– Dei har eit godt ressursgrunnlag, ei lita befolkning, og eit svært land. Med dette som utgangspunkt, skulle det vere mogleg å få til ei fredeleg utvikling. Men denne utviklinga måtte ha gått føre seg i ein stat som eigentleg ikkje eksisterer, seier Bøås.

Uløyste konfliktar ulmar

Séléka-koalisjonen vart oppløyst i 2013, men tidlegare soldatar har danna Ex-Séléka-militsar som framleis skapar uro i landet. Ex-Séléka og Anti-Balaka har utvikla seg til å bli kriminelle grupper, men har likevel eit sterkt band til lokalbefolkninga. Ex-Séléka blir sett på som beskyttaren av muslimar, og Anti-Balaka er beskyttaren av dei kristne.

Ettersom staten ikkje er sterk nok til å regulere konfliktane i landet, søkjer innbyggjarane tryggleik og vern frå dei ulike gruppene, ifølgje Bøås.

Sist desember blussa konflikten opp igjen. Bøås seier at dette er fordi grunnane til tidligare konfliktar framleis ikkje er løyste.

27. desember 2020 var det nytt val i Den sentralafrikanske republikk. Al Jazeera skriv at valet skulle bli det andre demokratiske valet i landet si historie, men førte til auka konfliktnivå.

I 2020 vart Faustin Archange Touadéra gjenvald som president i Den sentralafrikanske republikk. Foto: UNCTAD

Vinnaren av valet i 2016, Faustin-Archange Touadéra, vart gjenvalt 4. januar med eit fleirtal på 53,9 %. Opposisjonen ønskjer at valresultatet skal bli annullert grunna valfusk, og det faktum at mange vart hindra i å leggje si stemme grunna konfliktane.

Desse konfliktane kom av at tidligare president Bozizé returnerte til den sentralafrikanske republikk, og stilte som valkandidat.

Den konstitusjonelle domstolen i landet aviste Bozizé sitt kandidatur, ettersom han ikkje møtte dei grunnlovsgitte krava om «god moral», etter påstått innblanding i tortur, attentat, og andre lovbrot under sitt styre.

Denne avvisinga førte til at Bozizé slutta seg til ein koalisjon av væpna grupper som går under namnet the Coalition of Patriots for Change (CPC), som utførte ei rekkje angrep mot bygder og små byar i området rundt Bangui i et forsøk på å utsette valet og å få i gong ei ny runde med fredssamtaler.

Desse angrepa førte til at hundrevis av sivile døde, 30 000 flykta til naboland, og 185 000 er internt fordrivne.

30. mars vart Faustin-Archange Touadera svoren i eid i hovudstaden Bangui. Foto: (AP Photo/Adrienne Surprenant)

Har ført til ei humanitær krise

Vald og overgrep har vore særs utbreidd i dei ulike konfliktane og i borgarkrigen. Vald har ført til meir vald, som der igjen har ført til at Den sentralafrikanske republikk er i ei humanitær krise. Ifølgje Leger uten grenser har halvparten av dei 4,5 millionar innbyggjarane i landet behov for humanitær hjelp.

– Vi gjer det vi kan for å forsikre vidare forsyning av helsemateriell, og medisinsk hjelp. Ettersom det er eit spesielt behov for kirurgisk behandling, har vi oppretta eit mobilt kirurgisk team, som kan flytte seg frå stad til stad, seier Le Lonquer.

Der er ikkje nok sjukehus, helsearbeidarar, medisin eller utstyr. Menneske døyr av sjukdommar som der finst medisin og vaksiner mot. Kvinner er særs sårbare.

– Seksuelle overgrep og valdtekt er eit stort problem, og vi har sett at talet på slike overgrep aukar, fortel operasjonsleiaren.

På grunn av den utrygge tryggleikssituasjonen, og angrep mot frivillige, har fleire hjelpeorganisasjonar måtta trekt seg ut av landet. Leger uten grenser opplyser om situasjonen i Den sentralafrikanske republikk år etter år, men der finst framleis ikkje i nærleiken av nok middel og personale for å dekke dei grunnleggjande behova i landet.

Marokkanske fredsbevarande FN-styrkar patruljerer Bangassou i Den sentralafrikanske republikk. Rundt 240.000 er internt fordrivne i landet sidan uro braut ut på ny i desember 2020. Foto: AP Photo/Adrienne Surprenant

Kvifor er SAR ei gløymt krise?

Seniorforskar i NUPI, Morten Bøås, trur interessa for området hadde auka om Europa hadde mottatt store flyktningsstraumar frå landet, eller om opprørsgruppene bestod av jihadistar eller salafistar.

Men ettersom dei som legg på flukt anten blir internt fordrivne eller flyktar til nabolanda, og dei muslimske opprørsgruppene er ganske så sekulære i forhold til islamistiske grupper andre stadar i verda, held Den sentralafrikanske republikk fram med å vere av liten geopolitisk verdi, og lita interesse for internasjonale stormakter.

Ingen torer ta leiinga

Bøås meiner at den einaste løysinga på konflikten hadde vore å få ein sterkare internasjonal intervensjon, med nytt val, reell demilitarisering og våpenembargo (forbod om selja våpen til landet). Men for å få til dette treng ein at nokon tek leiinga.

– Det er ingen som vil ta store politiske, sosiale og økonomiske avgjerder knytte til Den sentralafrikanske republikk, fortel Bøås og held fram:

– Dei er redde for at om dei gjer dette, vil resten av det internasjonale samfunnet seie at: «Det er heilt fint, de kan få ansvaret for Den sentralafrikanske republikk». Dette ansvaret er det ingen som vil ha åleine, fordi det er ingen som ser noko løysning på konflikten på kort- eller mellomlang sikt.


Marta Mahumane (25) studerer biologi i Maputo, hovudstaden i Mosambik. Foto: Privat