Nyheitsquiz: Askepott-dubbing, ny verdsarv og Spotify Wrapped
Ola Borten Moe bort frå campus og Petter Stordalen fylte 60 år. Test kva du har fått med deg denne veka!

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 48
- Spørsmål 1 av 11
1.
Det er desember og med det kjem julenyheitene. Tre nøtter til Askepott får ei ny forteljarstemme. Kven er det som tek over for Knut Risan?
Askepott, du er vår Askepott – for du svarar heilt rett!
Denne veka vart det kjent at Nils Vogt er ny forteljarstemme i den tradisjonelle julefilmen. Han er mest kjent som Karl i Mot i Brøstet og Karl og co.
NRK vil framleis vise versjonen med Knut Risan på julaftan, men ein restaurert versjon med Vogt som forteljar blir gjeve ut på DVD og Blueray.
«På mine kanter kan selv et barn klare det!» (Les med Knut Risan si stemme)
Altså, her tok du feil.
Denne veka vart det kjent at Nils Vogt er ny forteljarstemme i den tradisjonelle julefilmen. Han er mest kjent som Karl i Mot i Brøstet og Karl og co.
NRK vil framleis vise versjonen med Knut Risan på julaftan, men ein restaurert versjon med Vogt som forteljar blir gjeve ut på DVD og Blueray.
- Spørsmål 2 av 11
2.
Det amerikanske Senatet vedtok denne veka ei lov som beskyttar kva?
Rett!
Tysdag stemte det amerikanske Senatet for ei lov som garanterer retten til likekjønna ekteskap, og ekteskap mellom personar med ulik etnisitet. Desse rettane var allereie sikra med forskjellige høgsterettsdommar, men fleire har vore bekymra for at desse dommane kan bli ugyldige, på same måte som rettssaka som sikra retten til abort.
Les meir: Senatet sikrar likekjønna ekteskap
Feil!

- Spørsmål 3 av 11
3.
Denne veka vart statsbudsjettet klart. Kva var det SV fekk gjennom av miljøsaker?
Rett!
Staten skal ikkje lyse ut ny konsesjon for å leite etter olje eller gass før 2025. SV hadde allereie ei avtale om dette, men den gjaldt berre ut 2022, og var difor ei viktig sak for dei i forhandlinga om statsbudsjett.
Les meir: Lyser ikkje ut meir oljeleiting før 2025

- Spørsmål 4 av 11
4.
Fotballkampen mellom Costa Rica og Tyskland denne veka var historisk. Kvifor det?
Mål! Here svara du rett.
Stéphanie Frappart vart første kvinnelege hovuddommar i eit fotball-VM for herrar.
Les meir: Første kvinnelege hovuddommar i fotball-VM for menn
Målbom! Her svara du feil.
Stéphanie Frappart vart første kvinnelege hovuddommar i eit fotball-VM for herrar.
Les meir: Første kvinnelege hovuddommar i fotball-VM for menn
- Spørsmål 5 av 11
5.
Utdanningsminister Ola Borten Moe er meldt uønskt av endå eit universitet denne veka. Kva for eit universitet?
Rett!
Studentparlamentet i Bergen følgde etter dei ved Universitetet i Oslo denne veka, og erklæra utdanningsministeren for Persona non grata ved campusen deira.
Les meir: Abid Raja meiner Ola Borten Moe bør vurdere å gå

- Spørsmål 6 av 11
6.
Kva kom med på Unesco si verdsarvliste i år?
Oui oui!
No blir handverkskunnskapen og kulturen rundt bagetten rekna som immateriell kulturarv av Unesco. Bagetten er det mest populære brødet i Frankrike. Ifølgje NTB blir det seld rundt seks milliardær bagettar årleg der!
På Twitter jublar president Macron, og seier det har vore ein lang kamp for at desse 250 gramma med magi og perfeksjon skulle få si anerkjenning.
Non, non!

- Spørsmål 7 av 11
7.
Spotify har sendt ut listar over kva musikk folk har høyrt på i år, og ein artist tronar på toppen i Noreg. Kven?
Mi amor, du svarar rett!
Gjengen med finlandshette i Ballinciaga var dei mest strøyma artistane på i Spotify i Noreg i 2022, skriv 730.no. På andreplass finn vi Karpe. Ballinciaga-låten «Dans på bordet» var den mest strøyma låten i Noreg, og har no over 35 millionar strøymingar.
Beklagar, du svarte feil!

- Spørsmål 8 av 11
8.
Kvifor har Bob Dylan måtte be om orsak denne veka?
Rett!
Bob Dylan har brukt ei maskin for å signere boka si. Den 81 år gamle artisten har bedt om orsaking for å selje «eksklusive» signerte utgåver av boka si The Philosophy of Modern Song til 599 dollar.

- Spørsmål 9 av 11
9.
Eit utval har kome med nye tilrådingar for korleis opptaket til høgare utdanning burde sjå ut. Kva har dei tilrådd?
Toppkarakter!
Utvalet har kome med ei rekkje tilrådingar, blant anna å fjerne høvet til å betre eksisterande eksamenskarakterar etter vidaregåande. I tillegg vil dei blant anna ha opptaksprøver for dei som ikkje kan konkurrere med karakterar og fjerne tilleggspoeng.
Les meir: Slik vil utvalet endre opptak til høgare utdanning
Stryk!

- Spørsmål 10 av 11
10.
Artisten Dua Lipa har fått eit nytt statsborgarskap i kva for land?
E sakte! (Rett!)
Dua Lipa sine foreldre er kosovoalbanar, og ho budde i Albania i ein periode før ho flytta tilbake til Storbritannia som tenåring for å for å satse på artistkarrieren. No har ho fått statsborgarskap i landet.
Gabim! (Feil!)

- Spørsmål 11 av 11
11.
Kven song i bursdagen til Petter Stordalen?
Gratulerer, det var rett!
Petter Stordalen vart overraska med både Zara Larsson og Bob Geldof i 60-årslaget sitt. I tillegg var det framsyning av eit teaterstykke om livet til milliardæren!
Dessverre, det var feil!
Petter Stordalen vart overraska med både Zara Larsson og Bob Geldof i 60-årslaget sitt. I tillegg var det framsyning av eit teaterstykke om livet til milliardæren!
Resultat:
Vurdering:
Korleis gjekk det? Du kan alltids lese deg litt opp på kva som har skjedd denne veka:
- Vekas viktigaste: Demonstrasjonar i Kina, statsrådboikott og historisk VM-kamp