DNT ung ber politikarane få fart på sirkulærøkonomien
– kjem med fem krav
DNT ung stiller fem krav til politikarane for å få dei til å tenkje meir berekraftig.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
DNT ung har sidan 2016 arrangert Grøn Fredag som eit motsvar til forbruksfesten Black Friday. Ungdomsorganisasjonen opplever at mange er interesserte i korleis dei kan ha meir berekraftige liv.
Anna Nes, leiar i DNT ung meiner at det er bra at folk engasjerer seg, men meiner at politikarane burde ta meir ansvar. I ei pressemelding set ho fem berekraftskrav til politikarane.
Gjer det lettare å handle brukt
– Vi må få vekk hinder for brukthandel, blant anna gjennom å skrote brukthandellova som er utdatert. Der er det gledeleg at næringsministeren har varsla ei endring, som vi og andre har utfordra departementet hans på fleire gonger.
- Les også: – Det må bli enklare å drive bruktbutikk
Stimuler til meir reparasjon
– Det må vere enklare og billigare å reparere enn å kjøpe nytt. Derfor må politikarane finne måtar å stimulere til meir reparasjon på. Det kan til dømes gjerast gjennom å påleggje produsentane å lage produkt som er lettare å reparere, eller å fjerne moms på fiksing.
Anerkjenn systemproblemet
– Samvitsfulle unge folk kan ikkje redde verda åleine. Dette er ikkje berre ansvaret til forbrukarane, og dei folkevalde må erkjenne at det enorme forbruket er eit systemproblem.
Sats meir på utlånsordningar
– Fritidsaktivitetar kan krevje mykje utstyr. Derfor må styresmaktene på ulike nivå satse meir på utlånsordningar. Det er bra for lommeboka og for miljøet om vi deler meir, i staden for at alle skal eige kvart sitt.
Løft fram delingsøkonomi i ei stortingsmelding
– Deling må vere den nye normalen, men politikarane må bruke tid på å finne ut korleis. Derfor ønskjer vi oss ei stortingsmelding om delingssamfunnet og delingsøkonomi.
- Les også meiningsinnlegget: «Bli med på å farge november grønt – ikkje svart»
Les også: Dette bør du sjekke dersom du kjøper friluftsutstyr brukt