Nynorskfryd over statsbudsjettet

Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum frydar seg over pengar til Hauge-senteret og lettleste barnebøker på nynorsk.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Statsbudsjettet syner at regjeringa har tillit til det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer og gjev oss handlingsrom. Det set me pris på, seier styreleiar Reidar Sandal i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Like mange nynorskbrukarar

Nynorskauke
17,4 millionar, som er summen dei raudgrøne har sett av til drift av Nynorsk kultursentrum, er ei 3,5 prosent auke frå førre år. Inkludert i dette ligg prosjektmidlar til Vinjefondet og driftsmidlar til nynorskleksikonet Allkunne.

I framlegget til statsbudsjettet føreslår regjeringa Stoltenberg å løyve 1,5 millionar kroner til den nye basisutstillinga ved Hauge-senteret. Det betyr at Nynorsk kultursentrum no har om lag 3,5 millionar av dei 4,5 millionane dei har budsjettert med.

– Planane våre for Hauge-senteret er ambisiøse. Løyvinga til basisutstillinga er viktig, og no vonar vi private samarbeidspartar, Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad følgjer opp, seier Sandal.

LES OGSÅ: Nynorsk kultursentrum tek over Allkunne

Stramare for Aasen
Løyvinga i statsbudsjettet gir høve til trygg drift vidare av Nynorsk kultursentrum, men direktør Ottar Grepstad trur rammevilkåra kan bli noko stramare i 2014 enn i år for både Aasen-tunet og Hauge-senteret. Frå 2014 har Nynorsk kultursentrum også ansvaret for Ulvik poesifestival.

– Ulvik herad og vi har dei same høge ambisjonane for denne festivalen, og vi gjer no det vi kan for å følgje opp den avtalen vi har gjort med Ulvik herad, seier Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Poetar bloggar seg til Ulvik poesifestival

Nynorsk leselyst
Noregs Mållag er glad for at Kulturdepartementet føreslår å auka tilskotet til Det Norske Samlaget med 750.000 kr for å styrkja utgjevinga av fleire lettlesbøker på nynorsk.

– Det er viktig at ungar i nynorskområde har tilgang på nok nynorsk litteratur i dei tidlege skuleåra når dei skal læra seg å lesa, seier leiar Marit Aakre Tennø, i ei pressemelding.

Ho peikar på at tilgangen ikkje er den same på nynorsklitteratur som på bokmålslitteratur. Særleg nynorske lettlesbøker og faktabøker er ei mangelvare.

– Noregs Mållag har fleire gonger teke opp den nynorske barnelitteraturen og nynorske leselystprosjekt med Kulturdepartementet, og er glad for at budsjettframlegget no gjev rom for å auka utgjevingstakta, seier Tennø.

LES OGSÅ: Underskot i Samlaget

Saknar Norsk Ordbok
Mållagsleiaren er òg glad for at basisutstillinga på Hauge-senteret får støtte gjennom Nynorsk Kultursentrum. Men det er likevel nokre postar ho hadde sett fekk støtte.

– Ein samla vekst i kulturbudsjettet på over 8 prosent burde òg ha gjeve rom for å løyva Norsk Ordbok pengane dei treng for å koma i mål til 2014, og likeins å få det svært vellukka ungdomstiltaket Framtida.no inn i faste former på budsjettet, seier Tennø.

Sjølv fekk Noregs Mållag ikkje uventa vidareført løyvingane på same nivå som i 2013.