Poetar bloggar seg over fjellet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag morgon stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Juliane Rui, Sindre Ekrheim, Kristina Leganger Iversen og Kaisa Aglen lese frå bøkene sine på Drøs Bakeri & Kafé på kvelden. Men før dette stoppar dei fleire stader. I Drammen held dei ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Rui si nye bok. Etter dette går turen gjennom Hallingdal. Det er planlagt fleire poetiske stopp undervegs.

– Vi har planar om stopp på Gol og bokhandelen på Ål, og vi tenkjer vel å lese på ferja før Ulvik, seier redaktør David Aasen i Samlaget til Framtida.no. Han synest poesiformatet eignar seg godt til reiser:

– Vi stoppar på ein rasteplass, finn oss eit publikum, les opp, og er borte før dei veit kva som trefte dei. Dei kjenner berre lukta av svidd gummi, samstundes som dei kjenner seg underleg oppløfta.

Aasen har også nyproduksjon som eit mål med turen.

– Ein tenkjer og les betre når ein er i rørsle. Og så kan ein dessutan lese ferdig eit heilt dikt før ein blir bilsjuk. Mottoet vårt er: Ut på poesitur, aldri poesisur.

I bagasjerommet har dei kamera, flyers, mikrofon, høgtalar og ein haug med diktbøker. Fredag den 14. blir det presentasjon av bøker og opplesing på Den grøne kafé om ettermiddagen. Laurdagen køyrer dei vidare til Voss, der dei møter Espen Stueland og Johannes Gjerdåker for å lese opp på det nye biblioteket. Poesimobilen kjem til å stoppe her og der for å spreie poesi, både på veg frå Oslo og på vegen heim frå Ulvik.

Du kan følgje turen deira på bloggen poesitur.wordpress.com der dei legg ut foto, film og tekst undervegs.