Underskot i Samlaget
Det Norske Samlaget hadde eit underskot i fjor på 10,6 millionar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årsresultatet inkluderer avskriving av varelageret med 6 millionar kroner.
Samlaget Litteratur har, som i 2010, eit godt resultat på skjønnlitteratur, men opplever nedgang på sakprosa. Områda høgare utdanning og ordbok, har også hatt ein svak nedgang.
Den endelege avtalen mellom Samlaget og Fagbokforlaget om salet av Samlaget Utdanning er no underskriven og styregodkjent.
– Salet av Samlaget Utdanning, vil gi eit godt grunnlag for vidare satsing på dei områda som blir igjen i Samlaget, skjønnlitteratur, litteratur for barn og unge, sakprosa, høgare utdanning og ordbok, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget i ei pressemelding.
– 2012 vil bli året der det nye Samlaget finn forma si. Vi meiner dei grepa vi no tek skal setje oss endå betre i stand til å møte lesarane sine ønskje. Samtidig meiner vi at dette er den beste måten å vidareutvikle det viktige oppdraget Samlaget har teke på seg, som formidlar av brei kvalitetslitteratur på nynorsk, for barn og vaksne og innanfor mange sjangrar, seier Austigard. (©NPK)
Les òg: Går frå Samlaget på dagen