– Ikkje gje opp å snakke norsk

Grannespråkforståinga her nord er gått ned. Foreningen Norden er oppteken av at nordbuarar ikkje skal snakke engelsk med einannan.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me bruker å snakke om eit skandinavisk språk med tre dialektar og fire skriftspråk, seier Heidi Lønne Grønseth, skuleansvarleg i Foreningen Norden, som arbeider for betre kultur- og språkforståing mellom dei fem nordiske landa.

– Mellom 80 og 90 prosent av orda på dansk, norsk og svensk er anten identiske eller liknar kvarandre, seier Grønseth, som var ein av foredragshaldarane då Norsk målungdom inviterte til seminar om Språkleg mangfald i Norden.

LES OGSÅ: – Danskane bør lære norsk og svensk

Slått av Færøyane
Tendensen er klår: Sidan 70-talet har grannespråkforståinga i Norden gått nedover. Grønnseth syner til to store undersøkingar, den fyrste i 1972, den andre i 2003. Her har skandinaviske elevar vorte testa i dei andre skandinaviske språka.

Grønseth trur at dårleg språkforståing mellom skandinavar har meir med innstillinga enn den faktiske forståinga å gjere.

Myten stemmer, nordmenn skårar best i testar mellom dei tre skandinaviske landa, men i heile Norden må me sjå oss slått av færøyske ungdommar på språkforståing.

LES OGSÅ: Slår eit slag for dansk og svensk

Klåre finlandssvenskar
I 2005 vart norske, svenske og danske ungdommar spurd kor lette dei tykte grannespråka er. I Noreg svarte 35,5 prosent at dansk var enkelt, medan 77,4 prosent ikkje hadde problem med å forstå svensk.

– Me er i ein mellomposisjon med eit talespråk som liknar svensk og eit skriftspråk som liknar dansk, fortel Grønseth, og legg til at dialektsituasjonen i Noreg er ein annan fordel me har.

Men nordmenn har òg vorte dårlegare til å forstå søta bror og blaute danskar. Ei lita unnskyldning er at dansken har vorte vanskelegare å forstå med åra.

QUIZ: Forstår du dansk eller svensk?

– Om ein høyrer gamle opptak av dansk er uttalen mykje klårare enn i dag. Det er ein grunn til at danske born er seine med å lære å snakke, dei har problem med å skilje ut lydar, fortel Grønseth.

Der danskane er dei som flest slit med å forstå, er det ei lita gruppe som peikar seg ut som ekstra klåre.

– Mange seier faktisk at findlandssvensk er det lettaste språket i Norden å forstå, fordi dei har så klår uttale.

Tidlegare i år lanserte Språkrådet, saman med sine søsterorganisasjonar i Sverige og Danmark ei nordisk miniordbok for ungdom, som òg er tilgjengeleg som app.

LES OGSÅ: Drapstruga for å snakke svensk

Dansk påverknad
Per Ivar Vaagland i Fondet for dansk-norsk samarbeid er uroa over tendensen at språkforståinga mellom dei skandinaviske landa vert dårlegare.

– Spørsmålet er om neste generasjon vil snakke om framandspråk, framfor grannespråk. Det er faren, seier Vaagland, som er oppteken av påverknaden den dansk-norske unionen har hatt på det norske språket.

– Me hadde ikkje hatt den språksituasjonen me har i Noreg i dag, om det ikkje var for unionen med Danmark. Me hadde ikkje hatt bokmål, men me hadde heller ikkje hatt nynorsk, peikar Vaagland på.

Broen
I år vil forskarar ved Lunds universitet i Sverige presentera den siste forskinga på svensk-dansk språkforståing. Dei har freista å finne ut om Öresundsbroen, som har auka talet på personreiser og pendlarar mellom København og Malmø drastisk, har betra språkforståinga.

Grønseth kan avsløra at forskarane har funne at ungdommane forstår kvarandre litt. Ho peikar på at ei svakheit i undersøkinga er at ungdom vart spurd om språkforståing, framfor å verte testa i språkkunnskapar.

– Det skandinaviske språkfellesskapet er spesielt. Me kan snakke norsk med nesten 20 millionar menneske, istadenfor berre 5 millionar. Det gjev unike moglegheiter når det kjem til arbeid, studier og venskap, peiker Grønseth på.

Foreningen Norden har tidlegare hatt ein kampanje mot dubbing av skandinaviske seriar, som Grønseth meiner røvar denne unike moglegheita frå born.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte på dansk

Brubyggjar
Det er likevel ljos i enden av brua. Heidi Lønne Grønseth har fleire tips for betre språkforståing mellom dei skandinaviske språka, eller dialektane.

Eit mord på ei bru mellom Sverige og Danmark, med ein kjekk norsk skodespelar i ei av hovudrollene er bra for den skandinaviske språkforståinga, ifølgje Grønseth.

Det er viktig å halde på den norske uttalen, snakke klårt og å reinse bort unna småord, dialektord og slang.

– Det er viktig å ikkje gje opp og snakke engelsk, seier ho.

I tillegg til å nyte svensk og dansk musikk og film kjem det eldste trikset i boka:

– Øving gjer meister, så snakk i veg.

Faktaboks

Resultat frå ein forskningsrapport frå 2005 om nordiske 18-19-åringar si språkforståing.

Tykkjer du dansk, svensk og norsk er lett?
• Dansk ungdom: 43,3 % (svensk) og 53,9 % (norsk)
• Svensk ungdom: 33,5 % (dansk) og 58,4 % (norsk)
• Norsk ungdom: 35,5 % (dansk) og 77,4 % (svensk)

Kjelde: Aftenposten.no