Vaffelhjarte på dansk

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i papirutgåva (28.06.2013) Klassekampen har saka om den danske dubbinga av den populære norske serien. 

Dansk språkråd bekymra
Sabine Kirchmeier Andersen er direktør i Dansk Sprognævn, som er den danske versjonen av Språkrådet. Ho er svært kritisk til dubbinga, fordi ho meiner det gjer det vanskelegare for danske barn å lære og forstå norsk.

–Det er veldig uheldig at Dansk Radio (DR) dubbar nordiske språk i så stor grad som dei gjer. Undersøkingar syner at danskar slit med å forstå dei andre nordiske språka. Dubbing svekker språkforståtinga, fordi ein høyrer språket i enn o mindre grad. Ho er kritisk til dubbinga av den norske barneserien rett og slett fordi det gjer det vanskelegare for danske barn å lære norsk.

LES ÒG: "Vaffelhjarte" vann ny pris

Nordstoga bekymra
Heller ikkje Odd Norstoga, som speler lege i serien, er nøgd med dubbinga.

–Eg er i mot all dubbing av barne-tv mellom nordiske land. Det er ikkje naudsynt, og utruleg flaut.

Også for han er det viktig å understreke tydinga av at nordiske barn veks opp med å høyre språka til kvarandre:

–I nordiske land er ein no på god veg til å forstå kvarandre dårlegare enn før, seier han til Klassekampen.

Glad for svensk Lindgren
Nordstoga understrekar i artikkelen kor glad han sjølv er for å fått sjå Brørne Løvehjarte og Pippi snakke svensk.

Han meiner det potensielt sett kan redusere kvaliteten på programma om dei vert dubba, og konkluderer med at dubba tv generelt sett er meir keisamt å sjå på. 

LES ÒG: "Tonje Glimmerdal selt til Estland"