Statsbudsjettet: Regjeringa vil auke VGS-stipend

Regjeringa set av over 100 millionar ekstra for å auke utstyrsstipendet og bortebuarstipendet for elevar i den vidaregåande skulen. AUF kallar det "ein viktig start".

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagen før statsbudsjettet vert lagt fram har VG møtt kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) på Hadeland videregående skole, der ho legg fram gladsaka.

I statsbudsjettet for neste år har regjeringa sett av over 100 millionar ekstra til stipend for elevar i den vidaregåande skulen. Pengane er fordelt slik:

  • 57,3 millionar kroner auke til bortebuarstipend
  • 50,1 millionar kroner auke til utstyrsstipend

I dag får kring 25.000 elevar eit bortebuarstipend på 4979 kroner i månaden. Regjeringa vil auke stipendet til 5639 kroner i månaden i skuleåret 2023/2024.

Aukar utstyrsstipendet

Regjeringa vil òg auke satsane for utstyrsstipend. I dag er det fire satsar etter kor store utgifter yrkesfaglege elevar har.

Frå og med 2023/2024 vil kvar sats auke, i tillegg til at det kjem ein femte sats.

AUF vil at skulen skal vera gratis

Ungdomspartia AUF og Senterungdommen har kjempa for høgare stipend i den vidaregåande skulen.

AUF-leiar Astrid Hoem er nøgd med auken, men skulle gjerne hatt meir.

– Vårt mål er at skulen skal vera gratis, og at det å kjøpa skuleutstyr ikkje skal kosta deg noko privat. Dette er ein viktig start, men det er ein veg å gå før det er fullfinansiert, seier ho til VG.

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. FOTO: EIVIND LOTSBERG / EO

I 2019 utarbeidde Rambøll ein rapport over elevane sine utstyrsutgifter på oppdrag frå Lånekassen og Utdanningsdirektoratet.

Elevar på idrettsfag brukte i snitt 16 473 kroner på utstyr, medan naturbruk brukte 7 854 kroner.

Også leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby håpar satsinga er eit steg mot fullfinansiering av utstyrsstipendet. Han meiner tiltaket vil jamna ut sosiale forskjellar.

– Dette kjem til å gjera skulen, spesielt yrkesfag, meir tilgjengeleg, seier han til VG.


Les også: Elevorganisasjonen: – Møkk lei av å vente på at skulen skal verta gratis

Dåverande leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, etterlyste høgare stipend i fjor. Foto: EO