Urovekkjande tal om sexpress blant norsk ungdom

12 prosent av jenter i vidaregåande skule har vorte pressa eller tvinga til seksuelle handlingar eller samleie, ifølgje ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg svarer tre prosent av gutane det same i Ungdata-undersøkinga 2022, skriv foreininga Sex og Politikk i ei pressemelding.

Rapporten avslører i tillegg at 20 prosent av jentene og åtte prosent av gutane har opplevd ufrivillig seksuell handfaring.

– På landsbasis opplever 9,4 prosent av kvinner og 1,1 prosent av menn valdtekt i løpet av livet. At vi ser såpass høge tal for seksuelle overtramp på eit så tidleg tidspunkt i livet er urovekkjande, seier seniorrådgivar i Sex og Politikk, Vilde Graff Senje.

Dei opplyser at dei lenge har varsla at seksualitetsundervisning må prioriterast for å sikre at barn og unge får opplæring i grenser, relasjonar og samtykkje.

– Tala frå Ungdata-undersøkinga i år viser at dette behovet er prekært, skriv foreininga i meldinga.


– Vi treng ei samtykkelov, og vi treng at de går ut til skulane, Jonas, skriv Juni Sletten Sætervik (17).