«Eg kan ikkje vere den einaste»

Juni Sletten Sætervik (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vann skrivekonkurransen til Framtida.no om håp for framtida.

Eg kan ikkje vere den einaste som ringjer venninna mi på FaceTime når eg går aleine ute om kvelden. Eg kan ikkje vere den einaste som synest det er ubehageleg at eldre menn stirar på meg mens eg går i byen.

Eg kan ikkje vere den einaste som held eit ekstra hardt grep rundt noko eg kan forsvara meg med, i tilfelle det kjem nokon, og eg kan ikkje vere den einaste som alltid må ha mobilen med meg uansett kor eg går.

Det kan ikkje berre vere meg.

Det følest så einsamt

Det er ikkje berre meg. Det veit eg. Det finst mykje forsking som viser det motsette. Altfor mange menneske, spesielt jenter og unge kvinner, opplever å få uønskt seksuell merksemd.

Men det følest likevel så einsamt. Det følest som at det berre er eg. Den skuldkjensla og skamma det medfører. For ein veit ikkje korleis ein skal reagere, eller om ein skal seie ifrå til nokon. Ein blir heilt makteslaus, og stivnar til. Og då er det jo ikkje vits å seie ifrå til nokon. Fordi eg stod jo berre der. Viss det var så ille, kvifor kunne eg ikkje berre gjort noko, eller sagt noko?

Slik er det mange som føler. Det veit eg. Det er ikkje berre meg. Eg har klassekameratar, lagvenninner og kollegaer som kan bekrefte det. Men kva er det då som hindrar folk i å seie ifrå? Kvifor har vi så store mørketal på at folk går og held dette for seg sjølv, heile livet?

Ein blir heilt makteslaus, og stivnar til.

Eg trur det er frykt. Frykt for å ikkje bli høyrt, frykt for bli flirt av, eller frykt for å ikkje bli trudd på. Dersom «men då burde du ikkje hatt på deg så lite kle» eller «kvifor sa du ikkje berre at det ikkje var greitt» er reaksjonane ein får, så er det kanskje ikkje så rart at ein vel å vere stille. Då er det ikkje så rart at ein føler seg einsam. Då er det ikkje rart at ein spør seg; «er det berre meg?».

Men det er ikkje berre deg. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress publiserte i 2014 ei stor undersøking. Ho viste at 1 av 3 kvinner har opplevd ei form for seksuelle overgrep. Dette kan ha store psykiske konsekvensar for kvinnene. Dei fleste er veldig unge. Mange blir også utsette for valdtekt, men det er få overgriparar som faktisk blir tiltalt og dømt. Endå ein grunn til at mange vel å halde det for seg sjølv.

Treng ei endring

Endringar må til. Vi treng ei haldningsendring, og ei lovendring. Erna Solberg foreslo for tjue år sidan å innføre ein samtykkeregel i valdtektslovgjevinga. Då ho vart statsminister hadde ho endra meining, og Høgre sa tvert nei til samtykkelov.

Vi treng ei haldningsendring, og ei lovendring

Ifølgje Noregs straffelov i dag blir ikkje sex utan frivillig samtykke rekna som valdtekt. Dette er heilt feil. Sex utan samtykke er valdtekt, og det har det alltid vore. Derfor vart det tent eit nytt håp i meg då vi fekk ei ny regjering no i haust. Du kan vere med å gjere viktige endringar, Jonas.

Må nå skulane

Vi treng ei haldningsendring og ei lovendring. Vi treng ei samtykkelov, og vi treng at de går ut til skulane, Jonas. For det er haldningane til unge gutar og jenter vi bør rette fokuset på. Eg trur at det er der dei viktigaste endringane må skje. For dette er eit tema vi må gje unge betre opplæring i, både når det gjeld konsekvensar og handtering av seksuelle overgrep.

Fordi det er ikkje berre meg. Eg er ikkje den einaste som ofte føler på ei frykt, for det som kan skje, eller det som allereie har skjedd. Eg er ikkje den einaste som aldri går aleine heim frå fest, og eg er ikkje den einaste som unngår å høyre på musikk når eg joggar i skogen.

Men dersom vi greier å gjere desse viktige endringane, så kan det hjelpe mykje på einsemda mange føler når det gjeld dette temaet. Hugs å seie ifrå om du opplever uønskt seksuell merksemd. For du er ikkje aleine.

Det er ikkje berre deg.


Juni Sletten Sætervik vann skrivekonkurransen om håp for framtida. Foto: privat