Få vil utdanne seg til bussjåfør: – Katastrofalt for bransjen
Seks av elleve landslinjer for yrkessjåførar har ingen søkjarar for buss.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje NHO Transport må Noreg rekruttere 1.000 nye bussjåførar i året fram til 2030. Yrkestrafikkforbundet meiner talet kan vere dobbelt så høgt. Samstundes slit bransjen med rekrutteringa. Til hausten er det seks av elleve vidaregåande skular med yrkessjåførutdanning som står utan søkjarar til buss.
Det skriv NRK Vestland.
– Dette er katastrofe for bransjen. Vanlegvis har vi fire-fem søkjarar i året og vi anar ikkje kvifor det ikkje er er nokon i år, seier avdelingsleiar ved Solør vgs., Håkon Kjernlie.
Treng mange fleire bussjåførar
Ole Vig vgs. i Stjørdalen i Trøndelag er unntaket. Der har løysinga vore å rekruttere vaksne bussøkjarar til spesialplassar. Vestland fylkeskommune har nyleg bestemt seg for å følgje etter og opprette tolv ekstra plassar for vaksne.
Det er likevel langt til målet, meiner forskar Jørgen Aarhaug ved Transportøkonomisk institutt.
– Talet på plassar på yrkesfag på buss er mykje lågare enn det talet på bussjåførar som Noreg treng kvart år, seier han, og trekkjer fram at utdanninga er mykje dyrare for vaksne privat enn den vidaregåande opplæringa.
– Kven skal betale for bussjåførane? spør Aarhaug.
- Nysgjerrig på ulike arbeidskvardagar? Sjekk ut Yrket mitt-spalta!
Les om arbeidskvardagen til Åse (27) som er billakkerar – og var inspirasjonen til Hege i Rådebank