Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som 20-åring vart Åse Brekke Roe den aller første kvinna til å verte noregsmeister i billakkering. Året etter deltok ho i Yrkes-VM i São Paulo i Brasil, der ho nådde heilt til 5.-plass og fekk Medallion of excellence.

I dag driv ho sin eigen verkstad i heimbygda.

– [Det er ein] generell stereotypi at verkstadar berre er for menn og at billakkering er for folk som torer å verte skitne på hendene, fortel ho på e-post til Framtida.no og held fram:

– Er det noko eg ikkje skal vere, så er det skiten på hendene.

For det er lite vits å kome med oljete nevar, når du skal lakkere ei plettfri overflate på bil.

27-åringen fortel at det viktigaste ein billakkerar gjer er å vaske objekta som skal verte lakkerte nøye og opptil fleire gonar med forskjellige reingjeringsmiddel.

– Nøye vask pluss sliping er for at lakken skal sitte fast på objekta og ikkje flasse rett av, forklarar ho.

Rådebank-inspirasjon

Åse Brekke Roe fortel at det nok er mange grunnar til at ho valde billakkering som yrke, sjølv om ikkje det var planen i utgangspunktet:

Eg gjekk i 9. klasse då eg brått ombestemte meg frå å ville utdanne meg til advokat til å ville utdanne meg som billakkerar. Eg trur det var ein kombinasjon med det å vekse opp i ei lita bilinteressert bygd og at eg fekk vere med stefaren min å prøve ut yrket.

Stefaren hennar er òg billakkerar, og Brekke Roe er oppvaksen i Bø i Telemark. Byda som for alvor vart sett på kartet av NRK-serien Rådebank.

27-åringen er faktisk ein av dei kvinnelege billakkerarane som har inspirert karakteren «Hege» og har hjelpt serieskaparane i research-arbeidet. Noko ho sjølv synest er rart og moro, og som gjer ho både flau og veldig stolt.

Til P3.no fortalde serieskapar Linn-Jeanethe Kyed at Åse (t.h.) har vore til stor hjelp i arbeide med karakteren Hege (t.v.) i sesong 3 av Rådebank. Foto: Max Emanuelson/Fenomen/NRK, WorldSkills/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0. Kollasj: Framtida.no

Til Framtida.no fortel Brekke Roe at ho alltid har vore glad i detaljarbeid – frå å stelle med Barbiedokkene og Barbiehuset til å fargelegge innanfor linjene – noko som òg kjem godt med i yrkeskvardagen:

– Det var eg veldig oppteken av som liten, å halde meg innanfor linjene under fargelegging. Var veldig nøye på det, faktisk, minnest 27-åringen.

Kan stå ein heil dag og slipe bil

Med ein stefar som er i same bransjen, så visste Åse Brekke Roe godt kva ho gjekk til før ho tok til på billakkerar-utdanninga.

– [Eg] var lur og gjorde litt research før eg valde retning på vidaregåande, samt utplassering hjå ein lakkeringsverkstad. Dette gjorde at eg hadde litt kontroll på kva som venta meg på skulen og i arbeidslivet.

Ho rår alle ungdomsskuleelevar til å gjere det same, til å skaffe seg informasjon og innblikk i kva yrket og faga dei ser føre seg inneber.

Åse Brekke Roe kom på 5.-plass i Yrkes-VM i Sao Paolo i 2015. Her frå konkurransen. Foto: WorldSkills/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Før Åse Brekke Roe starta for seg sjølv med si eiga bedrift og eigen vesle verkstad, så arbeidde ho hjå Tresland Bil AS i Bø, same plassen som ho tok læretida si:

– Der jobba eg i 7 år før eg slutta og ville prøve noko nytt.

Ho oppretta bedrifta Brekke Roe Billakkering i 2019, og året etter byrja ho å ta imot sine første kundar. I dag er arbeidsdagen sett saman av mange ulike arbeidsoppgåver.

– Det varierer om det er store eller små jobbar. Eg kan stå ein heil dag med berre å slipe på ein og same bil. Andre dagar har eg mange forskjellige småjobbar, der eg må vaske, maskere, slipe, grunne, slipe litt til, skanne fargar, blande lakk, lakkere, bestille varer og vedlikehald av utstyr og verkstaden.

I tillegg er det ein del administrasjonsoppgåver som høyrer til, når ein driv sitt eige firma.

Brekke Roe må svare på førespurnadar frå kundar både på telefon, meldingar, e-post og sosiale plattformer.

Åse Brekke Roe tek òg bilete og filmar videosnuttar slik at ho får marknadsført bedrifta si på sosiale medium:

Gjer noko øydelagt nytt igjen

– For min del er det beste med billakkerarfaget at eg kan ta noko som er øydelagt og gjere det nytt igjen. I tillegg er det alle dei flotte fargane eg blandar og sprøyter, fortel 27-åringen.

Det mest utfordrande er å hugse på alt ho må gjere, fortel ho humoristisk.

– I billakerarfaget kjem ein ikkje utanom prosessen som må gjerast: vaske, slipe, påføre produkt osb. Dette er det ei rekkjefølgje på, forklarar ho og held fram:

– Men så er det så utruleg mange produkt som skal verte blanda og påført rett, samt fargar som må matche bil. Det kan vere ein og same fargekode, men opptil tosifra med forskjellige variantar på koden som du sjølv må finne den riktige til kvar enkelt bil.

Skroll til du vert firkanta i augo

Åse Brekke Roe trur billakkerar-yrket passar godt for dei som er interesserte i faget:

– Det hjelper også å like litt såkalla pirkarbeid og å takle utfordringar.

Hennar beste råd til unge som siktar seg inn på yrkesvegen er å gjere research.

– Det er så mykje informasjon på sosiale medium. Søk opp car painting på Instagram, YouTube eller TikTok, så kan du skrolle til du vert firkanta i augo. Det florerer av videoar og bilete om prosessen og diverse lakkeringsjobbar.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg føler ikkje eg kan skryte på meg at det har skjedd så mykje utruleg på jobb, men ein av dei tinga som eg ber med meg vidare er jo at utplasseringselevar har sagt at eg har inspirert dei til å velje billakkering som yrkesretning. Det synest eg er ganske stas.


Severin Poppe Midteide deler innblikk i røyrleggarkvardagen på TikTok, noko som skaffar han mange nye kundar. Foto: Norges Hyggeligste Håndverker, Skjermdump frå Tiktok @severin_suveren1

Åse Brekke Roe

Alder: 27 år

Frå: Bø i Telemark

Yrke: Billakkerar

Utdanning: Fagbrev i billakkerarfaget. Etter ungdomsskulen gjekk eg VG1 på TIP (no TIF), VG2 Bilskade og lakk og deretter to år som lærling.