Frivillige forventar mykje av Kulturløftet

Frivillige organisasjonar forventar betre vilkår når regjeringa vil ha jamnare geografisk fordeling av kulturmidlane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korpsa stiller krav

– Grunnmuren – det er oss det, korps-Norge, seier presidenten i Norges Musikkorps Forbund, Suzette Paasche. Ho er svært positiv til det som vart lagt fram i Kulturløftet 3 på søndag. Der var korpsa tydeleg nemnt. 

LES SAKA: Slik blir Kulturløftet 3

– Noko av det viktigaste for korpsa er å satsa på dirigentutvikling og få tilgang til gode øvingslokale. I kulturløftet 3 er korpsrørsla sine behov blitt lytta til, og no håpar presidenten lovnaden munnar ut i konkrete tal i budsjetta framover. 

Generalsekretær Birgitte Brekke i Frivillighet Norge fortel om store forventningar blant frivillige kulturorganisasjonar, som har fått langt mindre enn det institusjonaliserte kulturlivet så langt.
– Frivillige organisasjonar står enno for tyngda av kulturopplæringa og kulturtilbodet i Noreg. Dei finst over alt. Regjeringa bør satsa på dei når målet er at meir av kulturmidlane skal fordelast i heile landet, fortset ho.

I taket
– Det er mange og gode lovnader frå regjeringa i kulturløftet. Det skrur forventningane i taket, seier styreleiar Endre Kleiveland i Noregs Ungdomslag til NTB. Han er glad for at regjeringa har sett behovet for eit lokalt kulturløft, som inneber både satsing på lokale kulturarenaer og styrking av frivillig arbeid. Også lovnaden om styrke formidlinga av mellom anna tradisjonsmusikk og folkedans, vil bety mykje for arbeidet i mange av ungdomslaga.

No ventar Kleiveland spent på pengane bak intensjonane.

– Verken organisasjonar eller lokallag kan leve på luft og engasjement, seier han. For ungdomslaga er det særleg viktig å få betre rammevilkår for drifta av dei 250 ungdomshusa lokallaga eig.

LES OGSÅ: Frivillig arbeid for 60 milliardar

Enklare
Regjeringa lovar å vidareutvikle momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar i tråd med tidlegare lovnader, og løyve 1,2 milliardar i kompensasjon i 2014. Regjeringa lovar òg at Frivillighetsregisteret skal bli eit verktøy for fordeling av offentleg støtte til organisasjonane, og vil vidareføre arbeid med å forenkla samhandlinga mellom organisasjonane og det offentlege.

– Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar og Frivillighetsregisteret er viktige frivilligheitspolitiske tiltak for å styrkja heile frivillig sektor, ikkje berre kulturorganisasjonane, seier Brekke.

– Frivillighetsregisteret må ferdigstillast så fort som mogleg. Målet må vera at registeret blir brukt som søknad sin- og rapporteringsverktøy. Det vil forenkla deltakinga til organisasjonane i statlege og kommunale støtteordningar. Når registret får full funksjonalitet vil det nemleg vera like tilgjengeleg og enkelt å bruka for kommunar som staten. Når det gjeld momskompensasjonsordninga ynskjer organisasjonane at regjeringa skal fjerna taket på 1,2 milliardar kroner og refundera all moms, fortset ho.