Frivillig arbeid for 60 milliardar
Frivillige i Røde kors, idretten, speidaren, korps og andre frivillige organisasjonar står bak over 115.000 ulønna årsverk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
115.000 ulønna årsverk
Aldri før har så mange gjort uløna, frivillig arbeid i Noreg, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Verdiskapinga i idelle og frivillige organisasjonar passerte for første gong 100 milliardar i 2010.
Verdiskapinga i ideelle og frivillige organisasjonar tilsvara om lag 20.000 kroner per innbyggjar. Uløna arbeid utgjorde heile 60 prosent av verdiskapinga i sektoren.
Bruttoprodukt i ideell og frivillig sektor utgjorde 1,7 prosent av bruttonasjonalprodukt.
Kultur og fritid står bak nesten 40 prosent av verdien innanfor frivillig verksemd. Det er her vi finn det meste av den frivillige verksemda.
Flest lønna per frivillig innanfor kategoriane utdanning og forsking, helse og sosiale tenester, interesseorganisasjonar og juridisk teneste, samt yrkes-, bransje-, og fagforeiningar.