Bjarte (15) jobbar for betre psykisk helse i skulen. – Det er givande å kunne gjere ein skilnad
– Vi er flokkdyr. Vi er avhengige av kvarandre. Difor er det så viktig at alle får kjenne tilhøyrsle, seier Bjarte Notland Tjensvoll.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trur mykje av problemet i dag er at folk ikkje kjenner seg inkluderte, seier Tjensvoll.
Han oppfattar at psykisk helse framleis er stigmatisert i skulegarden. Unge kan verte sett ned på dersom dei er opne om at dei har ein dårleg dag, hevdar han. Samstundes gjer sosiale medium, karakterpress og utestenging at fleire har det vanskeleg.
For å tak i problemet, oppretta 15-åringen frå Bømlo ungdomsorganisasjonen Unge i Psyken (UiP). Med kunnskap og målretta aktivitetar jobbar organisasjonen for å hjelpe unge med å få det betre. UiP har i dag 18 medlemer, og styret består av fem ungdommar.
Ver ein venn
UiP jobbar med å spreie kunnskap, mellom anna gjennom sosiale medium, plakatar og magasin.
– Eg trur tidleg kunnskap kan vere livsviktig seinare i livet. Vi må lære meir om kva tankar og kjensler er, og kva dei er til for, seier Tjensvoll.
UiP har skrive brev til politikarar for å få partia til å løfte psykisk helse som ei kjernesak i programma sine. Mellom anna ønsker dei psykologar og fleire miljøarbeidarar i skulen.
Dessutan har UiP vore inne i klasserom på mellomtrinnet for å jobbe med elevane.
– Vi har eit prosjekt som heiter «Ver ein ven» som dreier seg om å gjere elevane medvitne om kor står påverknadskraft ein kan ha i klassen, både på eiga og andre si psykiske helse, fortel han.
Dei har dessutan arrangert foredrag med Marthe Valle på Moster skule, og ein aktivitetsleir i sommarferien, så alle i lokalmiljøet skulle ha noko å gjere på.
Merkar endring
Tjensvoll fortel at han merkar ei endring på sin eigen skule. Folk er meir inkluderande i friminutta.
– Alle skal føle seg sett, og alle skal få ein invitasjon. Vi ser tydinga av det. Det er givande og kjekt å sjå at det fungerer, seier han.
Han seier at det er viktig med variasjon i aktivitetar på fritida, så alle kan finne noko dei synest er kjekt. Han meiner også det er viktig at elevar er i lag på tvers av trinna, i staden for at det vert skilje mellom klassane.
– Det er lett for at det dannar seg gjengmiljø, der éin gjeng vert den populære, og andre vert ekskluderte og rekna som mindreverdige. Difor er det også viktig å jobba med miljøet i klassen, så alle står likt, seier han.
– Vi er flokkdyr. Vi er avhengige av kvarandre. Difor er det så viktig at alle får kjenne tilhøyrsle
– Meir fokus på gutane
Tjensvoll fortel at han også har lært mykje sjølv av å jobbe med temaet. Til dømes om problematiske sider ved sjølvdiagnostisering.
– Nokon som synest det er litt skummelt å møte nye menneske, seier kanskje at dei har sosial angst. Nokon tar for lett på omgrepet. Det kan vere respektlaust for dei som faktisk slit, og samstundes kan fokuset verte retta på eit problem som eigentleg ikkje er så stort, meiner han.
Tjensvoll meiner at vi burde snakke meir om kroppspress og usunt kroppsfokus hos gutar. Mange reknar det å trene mykje og vere veldig sunn som positivt, men i nokre tilfelle kan det vere teikn på eteforstyrringar, seier han.
– Det er meir fokus på kroppspress hos jentene. Blant gutar blir det nok oftare rekna som å vere sunn, seier han.
- Les også intervjuet med Daniel (30): – For meg var det heilt utenkeleg at eg kunne ha ei eteforstyrring