Lesedigg.no skal hjelpa barn å finna kjekke bøker

Den nye nettstaden Lesedigg.no skal gjera det enklare for barn å finna bøker tilpassa deira nivå og interesser.

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.02.2023 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Framtida Junior, som har lansert Lesedigg.no saman med Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Med bruk av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.

– Målet er å få fleire til å lesa og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn, seier redaktør for Framtida Junior, Svein Olav B. Langåker.

Lesedigg samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.

Har kome med råd

Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med råd og innspel undervegs.

– Det har blitt veldig bra, seier Filip Lups i femteklasse på Sagvåg skule. Saman med fleire andre elevar har han kome med råd til korleis Lesedigg skal sjå ut og fungera.

Torsdag var det offisiell opning under Dei nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Femteklassingar ved Sagvåg skule har vore rådgjevarar under utviklinga av Lesedigg.no. Her saman med redaktør i Framtida Junior, Svein Olav B Langåker. Foto: Camilla Ruhs

Stort samarbeid

Lesedigg samlar innhald frå mellom anna Framtida Junior, Nynorskbok.no og Tunkatten.no. Nettstaden har også med utdrag frå fleire av bøkene som blir omtala.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Framtida Junior.

– Nettstaden vil vera eit nyttig bidrag til biblioteka sitt formidlingsoppdrag for å nå ut til mange barn og unge, og skal lett kunna takast i bruk både heime og av skule- og folkebibliotek, seier Tone Slenes, avdelingsleiar ved Nynorsk kultursentrum.

Støtta av Nasjonalbiblioteket

Lesedigg er laga slik at innhaldet lett kan integrerast på nettsidene til folkebibliotek, skulebibliotek og andre nettstader.

Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av leseportalen, som blir drifta av Framtida Junior. I fjor hadde Framtida Junior 137.000 brukarar.

– Me ønskjer å bruka plattformen vår til å hjelpa barn og unge mellom 7-13 år å finna bøker som passar for dei og inspirera dei til å lesa, seier Langåker.


Les også: Sommarles-suksess: – Slått alle tenkelege og utenkelege rekordar

Lina og Astrid og Hanna Marie Ellefsen Nysæter er glade for å ha vore med på å laga ny Sommarles-rekord. Foto: Svein Olav B. Langåker

 

 

Lesedigg

Lesedigg.no er ein digital plattform utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Framtida Junior. 

Lesedigg.no vert drifta av Framtida Junior.

Nettstaden samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.