Generasjonen Z les færre bøker: – Det er berre stress å driva og bla heile tida

Dagens ungdom les færre bøker på grunn av dagens teknologi, og dei mange mogelegheitene den har. På Stord vidaregåande skule viste det seg at dei færraste les bøker.

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.12.2020 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å lesa bøker har vore ein av dei mest populære typar av underhaldning i det siste århundra, men jo meir tida går, jo meir utviklar verda og teknologien seg.

Mange ungdommar har mista interesse for å lesa bøker på fritida. Dei føretrekk heller å bruka tid på mobilen, og å kommunisera med venner gjennom sosiale media.

Ifølge leseundersøkinga til Bokhandlerforeningen les folk i aldersgruppa 16-25 år mindre enn vaksne.

Med bakgrunn i dette har Framtida.no intervjua ungdommar om dei les eller ikkje, og undersøkt kva som kunne ha gjort lesing meir interessant for dei.

Kjedeleg å lesa bøker

Ungdommane merker sjølv forskjellen på kor mykje folk las før og kor lite lesing det er i dag.

Mesteparten av dei liker ikkje å lesa fordi dei er berre ikkje interessert nok i litteratur.

Daniel Kaland (17) som går på medielinja på Stord vidaregåande les ikkje særleg mykje.

– Det har aldri vore eit tema eg har vore så veldig interessert i. Det er berre stress å driva og bla heile tida. Det er berre det, eigentleg, seier han.

Men om Daniel skulle lesa ei bok synest han at det er best å lesa krim.

Sjølv om han ikkje les bøker og ikkje er interessert i litteratur, meiner han likevel ikkje det er nødvendig å kutta lesing på skulen.

– Eigentleg ikkje. Det er jo nødvendig å kunne lesa i bøker og ikkje berre på nett. Viss for eksempel nettet går, så kan du ikkje alltid lesa på nettet.

Nettet lokkar meir enn ei bok for mange ungdommar. Illustrasjonsfoto. Foto: Maria Nicolette Tolentino

Nettet tar over

Medelev Aasmund Eikeland Hansen trur me bruker mest av tida vår på å lese på nettet, noko som tar opp all tida ein kunne brukt for å lesa i ei ekte bok.

– Me les vel færre bøker, ja, men me les nok meir over internett og digitale tekstar, så eg trur det har ganske mykje med det å gjere. Teknologien har utvikla seg.

Om han skal lese ei bok må han anstrenga seg sjølv for å lesa. Akkurat sånn som på innlegga eller online-bøker som ligger på nettet, meiner han det hadde vore enklare å lesa med litt bilete innimellom.

– Eg trur det hadde blitt lettare om det hadde blitt meir grafiske ting dei viste, for å få folk til å forstå meir, men lesing er nok ein ganske viktig del av skulen for alle, seier han.

– Er i ei anna verd når ein les

16 år gamle Farah Siyam seier at ein av dei tinga som får ho til å bli interessert i ei bok, er dei første orda i det første kapittelet.

– Når eg les ei bok, les eg alltid det første kapittelet. Om boka verkar kjekk held eg fram med å lesa. Etter eg har lese det første kapittelet hoppar eg over til den siste sida i boka, og om eg ser at den siste sida i boka verkar interessant, les eg meir, seier Farah Siyam.

– Du kan gjere det om til filmar til dømes, det er veldig gøy. Å få det til å bli laga om til film, hadde fått boka til å bli veldig interessant.

Framsida på boka kan òg få lesing til å bli meir interessant for ungdommar.

Uansett er det avhengig av kva boka handlar om og om lesaren har same interessa med emnet i boka.

Om Siyam skal lesa ei bok, skal det vere noko innan skjønnlitteratur.

– Eg føler at når du les bøker så er du i ei anna verd, det er veldig koseleg.

LES OGSÅ: Fem frykteleg skremmande framtidsdystopiar

Illustrasjonsfoto: Colourbox