Sommarles-suksess: – Slått alle tenkelege og utenkelege rekordar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om elevane som har hatt  «Kompani Lauritzen» og om Tesla sin nye robot.

– Det er veldig kjekt å vera med på Sommarles! seier søstrene Lina og Astrid Aasheim.

Venninna deira Hanna Marie Ellefsen Nysæter er heilt einig. Alle vil bli med til neste år òg.

– Det er kult med ny rekord i Sommarles, seier dei og håpar på ny rekord til neste år.
Framtida Junior treff dei etter dei var på Sommarles-festen til Stord folkebibliotek.

– Kjempetal

Sommarles-kampanjen avslutta tysdag denne veka. Framtida Junior har fått tal som viser at det er nye rekordar med solid margin.

– Me har auka talet på deltakarar med 40.000, og slått alle tenkelege og utenkelege rekordar, seier den strålande nøgde Sommarles-sjefen Siri Haga Torgersen. Ho er prosjektleiar for Sommarles-kampanjen og rådgjevar ved fylkesbiblioteket i Vestfold og Telemark.

Totalt har deltakarane lese nesten 243 millionar sider, og 2,3 millionar bøker.

– Er det mogleg å skapa nye rekordar i framtida?

– Ja, det er enno eit potensiale for vekst. Ofte så er det mest deltaking i dei små kommunane, medan dei større byane har ein større del som ikkje deltar på Sommarles. Der har me potensiale for å nå lenger ut, seier Siri Haga Torgersen, og seier dei allereie legg nye planar for Sommarles til neste år.

Populære premiar

Barn i Oslo las flest sider og kom seg opp på høgast level i Sommarles. I snitt kom dei på level 22,9. Snittet for Noreg blei level 21. Rogaland hadde flest barn med, og var einaste fylket med over halvparten med i lesekonkurransen.

– Det er heilt utruleg god deltaking der. Me er supernøgde med at deltakartalet har gått som opp, seier ho.

Kvar deltakar i Sommarles las i snitt 14,2 bøker.

Biblioteka delte ut over 205.000 premiar. Det kunne vore fleire, for over 52.000 premiar blei ikkje henta. Silikon-armband var med populært. Steinar og pilspiss kom på dei neste plassane.


Døyping i bobleslurp: Nils syntest at det var kjempekjekt å få intervjua Arild Midthun, som er den einaste norske Donald-teiknaren. Då han var på besøk, fekk Nils døypa kirsebærtreet til Midthun: – Me døypte det i bobleslurp. Og så gav me det namnet Della, som er namnet til søstera til Donald. Foto: privat

SOMMARLES I TAL:

Sider: 242 934 613
Bøker: 2 323 272
Premiar delt ut: 205 532
Deltakarar: 164 140
Sider per brukar: 1 480