Kvinner les fleire bøker enn menn, og ungdom er blant dei som les minst. Framtida.no har snakka med ungdommen om kvifor det kan ha seg slik.

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomen i dag har ein travel kvardag og mykje ting å ta seg til. Både familie, venar, skule, idrett og andre fritidsaktivitetar. Og når det ikkje blir mykje tid til overs er det fort at mange nedprioriterer lesing. Bøker interesserer ungdomen mindre, og det er skjermtid som blir meir prioritert.

I ei stor nasjonal leseundersøking kjem det fram at kvinner les dobbelt så mange bøker som det menn gjer.

Jenter synest det er interessant å lesa

Christina Rabben Larsen (15) likar å lesa bøker om ekte historier.

Christina Rabben Larsen (15) er ein av dei som faktisk les bøker. Ho seier at ho held på med ei bok om den første pride-paraden. Grunnen til at ho les er at ho synest informasjonen frå bøkene er interessant.

– Eg les ikkje så mykje, men eg likar å lesa bøker som er basert på ekte historier, seier Rabben Larsen.

Dei fleste ungdomane Framtida.no snakkar med seier at dei ikkje les bøker på fritida, fordi dei synest det er kjedeleg eller ikkje interesserer seg for det, men Hanne Alice Rygg (16) er ikkje ein av dei. Grunnen til at ho ikkje les er rett og slett fordi ho ikkje føler ho har tid til det.

– Eg les ikkje bøker til vanleg, men eg synest det er ganske kjekt, seier Rygg.

16-åringen føler ho er dårleg til å setja seg ned og begynna å lesa. Sjølv om ho ikkje les til vanleg så har ho nokre typar bøker som ho hadde føretrekt om ho skulle ha lese. Det er bøker med krim, spenning og romantik, og typiske ungdomsbøker.

Tydelege funn

Ifølge Leseundersøkelsen 2020 les kvinner over dobbelt så mykje som menn. Av kvinner blei det i 2019 lese 18,5 bøker i snitt, medan det av menn blei lese 7,9 bøker i snitt.

Framtida.no har intervjua 22 ungdomar om dei les bøker. Av dei ungdomane som blei spurt var halvparten jenter og halvparten gutar.

Av dei som seier at dei les bøker var heile 80 prosent jenter og berre 20 prosent gutar. Det er med andre ord store forskjellar mellom gutar og jenter.

Gutar les nesten aldri bøker

– Kvifor er det så få gutar som les?

– Det er uinteressant, seier Simon Stavland (16).

Simon Stavland synest ikkje det er interessant å lesa bøker.

Det at bøker er uinteresant er det ikkje berre Stavland som tenkjer. Dei fleste andre gutane som Framtida.no spurde sa akkurat det same. Det var også gutar som svarte at dei ikkje les bøker, på grunn av dysleksi eller berre at dei ikkje gidd det.

– Kvifor trur du jenter les meir enn gutar?

– Eg trur det er fordi jenter interesserer seg meir og synst det er meir interessant. Men det er jo frå person til person, seier Hanne Alice Rygg.

Enkle bøker og meir tid

Når statistikkane viser at menn les dobbelt så lite som kvinner, er det naturleg å undra seg over kva som skal til for å fengja dei. Dei aller fleste Framtida.no snakka med meinte at bøkene måtte skapa meir interesse hos menn, og vera lettare å lesa.

– Bøkene burde vore mykje meir interessante, sier Mathias Innvær.

Hanne Alice Rygg tenker at det som skal til for at ungdom generelt skal lesa meir, er at dei får meir tid til det.

– Det som skal til for at eg skal les meir bøker er vel at eg innstiller meg på å lesa og gir meg sjølv meir tid til det. For eksempel ein halvtime til ein time på kvelden, seier Rygg.


BOKLESING: To ungdomar som leser bøker på Stord vidaregåande skule. Illustrasjonsfoto. Foto: Maria Nicolette V. Tolentino