Sex og Politikk fekk målblome for nynorsk-innsats
Organisasjonen Sex og Politikk fekk målblome-pris for å ha laga kampanje- og undervisningsmateriell på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prisen blei delt ut av leiar for Oslo mållag, Kristofer Ravn Stavseng, på nynorskdagen 12. mai, nøyaktig 137 år etter jamstillingsvedtaket som likestilte nynorsk og bokmål.
Grunngivinga for prisen er som følgjer:
«At Sex og Politikk tilbyr kampanje- og undervisningsmateriell til Veke 6 på nynorsk og samisk, gjer at mange fleire unge både kan bli meir trygge på eigen kropp og som språkbrukarar. Det er ikkje verst å kunna bidra til normalisering av ulike kroppar og ulike språk i eitt og same prosjektet. Me håpar flest mogleg legg merke til det viktige arbeidet Sex og Politikk legg ned, for det fortener all mogleg skryt.»
- Les også: Jomfruhinna finst, gutar har meir sexlyst enn jenter og fire andre mytar du ikkje bør tru på lenger
– Viktig å møte elevane på deira eige språk
Sex og Politikk fortel i ei pressemelding at dei i lengre tid har arbeidd for å kunne tilby alt seksualitetsundervisnings-materiell på nynorsk, samisk og bokmål.
– Vi ser kor viktig det er å tilby Veke 6 på eit språk som møter elevane der dei er, på deira eige språk. Derfor er det vår nye gullstandard å tilby parallellutgåver på nynorsk, samisk og bokmål, seier dagleg leiar Tor-Hugne Olsen og held fram:
– Å få ein Målblome frå Oslos Mållag er ei stadfesting på at det vi gjer, er riktig. Det motiverer oss til å fortsetje arbeidet med å halde ved lag denne gullstandarden.