Statsminister Støre til norske barn: – Eg har ringt til president Putin
– Det aller viktigaste du kan gjera, er å ta godt imot dei som kjem til Noreg, sa Jonas Gahr Støre under Barnas pressekonferanse denne veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka vart først publisert på framtidajunior.no.
Onsdag arrangerte statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna pressekonferanse for barn. Temaet var Ukraina.
– Me får mange spørsmål, både Tonje og eg, om krigen som går føre seg i Ukraina. Og mange av spørsmåla som barn stiller, er veldig gode. No dukkar det opp ukrainske flyktningar over heile Noreg. Dei dukkar opp i klasserom, i barnehagar, på kjøpesenteret og i nærmiljøet. Derfor blir me påverka av det, sa statsminister Jonas Gahr Støre.
Derfor bestemte han og kunnskapsminister Tonje Brenna seg for at dei seg for at dei ville ha ein pressekonferanse – der alle barn hadde moglegheit til å få svar på spørsmåla sine, som dei snakkar om på skulen, i vennekretsen og heime i familien.
Lesarane til Framtida Junior hadde moglegheit til å senda inn sine spørsmål, og me fekk stilla fem av dei til statsministeren og kunnskapsministeren.
Ta godt imot dei som kjem
Eit av spørsmåla kom frå 3. og 4. klasse ved Brekke Skule. Dei lurte på korleis dei som er barn kan hjelpa dei som må flykta til Noreg.
– Eg trur eigentleg at barn kan gjera veldig, veldig mykje. Dei kan mellom anna perla, ha basar eller ein innsamling til hjelpeorganisasjonar.
– Men det aller viktigaste du kan gjera som barn i Noreg, er å ta godt imot dei som kjem og startar i klassen eller i barnehagen din, sa kunnskapsminister Tonje Brenna.
Ho forklara at det aller viktigaste for dei vaksne ukrainarane som kjem til Noreg, er at barna deira har det bra.
– Greier barna i Noreg å vera gode venner for barna som kjem frå Ukraina, så får både barna og dei vaksne dei bra.
Legg til rette for 30.000 flyktningar
Kunnskapsministeren fortel at det allereie har kome ganske mange menneske frå Ukraina til Noreg.
Totalt er det snakk om nesten 14.000 menneske. Det svarar til like mange som bur i for eksempel Leirvik, på Stord eller Bryne i Time kommune.
– Desse menneska skal bu i kommunane, og no er det veldig mange kommunar som har sagt at dei gjerne tek imot dei, sa Tonje Brenna.
Statsministeren fortalde at dei dei ikkje er heilt sikker på kor mange som faktisk har komme til Noreg. For at dei skal bli det, oppfordrar dei alle som kjem om å melda frå til politiet.
Det gjer at me i Noreg kan legga til rette for at flyktningane får det som bra som mogleg.
– Det me har sagt til kommunane er at dei må planlegga for at det kan komme totalt 30.000 menneske i år. Men det kan også komma fleire eller færre, det veit me ikkje enno, sa han.
Det viktigaste er at me alle saman må vera med på oppgåva om å ta godt imot flyktningane. Grunnen er at me alle kjem til å møta på nokon som kjem frå Ukraina.
– I forhold til det dei har opplevd i Ukraina, så skal me greia å ta imot dei på ein god måte, sa statsministeren.
Har ringt Putin
Mange barn lurte også på om krigen i Ukraina kjem til å utvikla seg til andre land. Ein av desse var Jesper, som er 11 år gamal.
– Viss eg skal gjetta, så trur eg at dette er ein krig som handlar om Ukraina. Det er der Russland har gått til angrep. Men likevel så er dei andre landa rundt Ukraina urolege, fordi dei lurer på om det også kan skje med dei. Det er det ingen som veit. Men eg trur ikkje det kjem til å spreia seg, sa Jonas Gahr Støre.
Han fortel at det alle no spør seg om, er korleis me kan få stoppa krigen. Han sjølv har gitt grei beskjed om at den må ta slutt.
– Eg har ringt til president Putin og sagt at han må stoppa krigen. Eg sa at ingen av problema han har med Ukraina, kjem til å bli løyst med krig, fordi det øydelegg så mykje.
Håpar på møte for å få slutt på krigen
I tillegg til å gi beskjed til presidenten, har Noreg og fleire andre land bestemt seg for å innføra sanksjonar, som er som ei slags straff for å få til endringar. No håpar statsministeren at Russland og Ukraina kan treffast for å snakka saman, slik at krigen får ein slutt.
– Dei må finna fram til ein avtale slik at krigen stoppar. Det må dei gjera rundt eit forhandlingsbord og ikkje på slagmarka.
Her kan du sjå heile pressekonferansen der regjeringa svara på mange spørsmål som barn hadde sendt inn.