Undersøking: Folk er meir positive til flyktningar

Nordmenn har vorte meir positive til å ta imot flyktningar, viser ei fersk spørjeundersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman tusen personar deltok i undersøkinga, som er gjennomført av Institutt for samfunnsforskning (ISF) mellom 16. og 23. mars.

Seks av ti svarer at Noreg bør ta imot fleire flyktningar.

Til samanlikning meinte fire av ti det same ved tilsvarande undersøking i fjor.

– Dette funnet reflekterer den hjelpeviljen som vi har sett rundt om i Noreg dei siste vekene, seier forskingsleiar Jan-Paul Brekke ved ISF.

– Folk ser at krigen driv folk på flukt

I undersøkinga svarer heile ni av ti at dei følgjer med på nyheiter om ukrainske flyktningar dagleg.

Sju av ti les slike nyheiter fleire gonger kvar dag.

– Ein grunn til dette er at fluktårsaka er så tydeleg. Folk ser at krigen driv folk på flukt. Det er kvinner og barn frå Ukraina, eit land i Europa, og kjennest nært for folk i Noreg. Russland er òg nabolandet vårt, seier Brekke.

Barn og kvinner som har flykta frå Ukraina, søv i eit provisorisk tilfluktsrom på togstasjonen i Polen. 3. mars 2022.
(AP Photo/Markus Schreiber)